lørdag 19. september 2009

Heeelg

Torsdagen gjekk me te skule og volleyball.. Spelte fotball i dag, For te Brandon for å spele, og kom ikkje heim før klokka va hal 11.. Pluss at eg hadde lekse so skulle gjerast.. Prøvde å gjere matten, men so hadde eg selfølgelig tatt med feil skrivebok.. :/ De va litt kjipt.. Heldivis for meg so mattelæraren mannen til ein av trenarane våre, so det ordna no seg de.. Må berre bruke helga til å ta igjen litt av matten..

Fredag so va vi på skule igjen, og i Forensics blei vi ferdi me prosjektet om JFK-mordet.. Seinare på kvelden kom Mike, sjæresten te Emily, og Landon(?), frå Isle. Dei tre for ut på kino, hadde vist komt mens eg va nede på rommet.. filmen dei såg va "Jannifers body", som dei sa va skikkeli merkeli film..

Laurdag blei brukt til å chille her, prata litt me Ann Th og greier.. So fann eg ut at eg skulle ta en tur opp, og Ken kom og skulle ha pannekake.. Sa eg måtte lage til Mike og Landon også.. Men eg fekk han til å lage dei i staden ;P
Seinare på dagen spurte dei om eg ville vere med til systra til Emily, Kacy (som bor i Morris elns) på road trip - skulle overnatte til i dag... Eg sa ja eg, også va de berre å ta me seg litt kle, og tannkost, og fare.. Stoppa og åt på Subway i Alex.. Va faktisk veldi go sånn ting eg åt :P Huskakje namne..
I huset der Kacy bodde va der tre andre jente og, Molly, Paige og Alicia.. Også va der en til frå Isle, Nick.. So blei kjendt me litt følk der.. :P

Vi hadde fått me ferdilaga pai - varm i ovnen opplegg - frå Ken, so Emily ville ha den som før-bursdags pai, sia Kacy ikkje skulle til Isle den veka ho ha bursdag, dvs at ho ikkje ska heim i helga som kjem.. Emily bli 18 på fredag f.resten..

Søndag våkna eg en eller anna gong, ekje sikker på kor tid, og va serriøst svolten.. Ette ei stond sto vi opp, og gjekk på Don`s Cafè og åt frukost der.. Den va skikkeli go.. Eg, Emily og Mike for ront hal 1, Landon hadde fart med Nick tidlegare, mens vi åt.. Va heime her litt ette 2 - hal 3.. mellom 1 - 1,5 tima.. trur eg..
So snakka eg me mammaen og pappaen min, pluss Ingrid og Ann..
No sitte eg her å skrive, også må eg gjere leksa mi i matte til i måra.. Blæææ..

Jaja.. Sånn kan de gå..

onsdag 16. september 2009

Ny veke

Laurdagen gjor vi nesten ingenting.. Va heime tidli på dagen, og vaska litt kle.. Fann ut at eg hadde en del som trengte vaskast ;P
Mens eg snakka me mamma kom Ken me to gjess som han nettopp hadde skote, sto rett utafor og banka på vindu me nebba deira.. Stakkars dyr altso..

Seinare på kvelden for vi ut å åt en eller anna plass som eg ikkje huska namne på, åso for vi sta å såg "Inglorious Bastards" på kino i Alex.. Den va ikkje so morsjom som eg tenkte den ville vere, sett frå traileren.. men men.. va heilt grei..

Søndag en kom, og eg gjor ganske lite fornuftige ting.. sat en del me TV, såg amerikansk fotball me Ken.. Må sei at de egentli e et kjempe kjedli spel.. Åso gjor eg lekse i dag, måtte gjere ferdi engelsken som skulle inn, og litt matte so må gjerast...
Hadde gås som Ken skaut i går til middag.. Va faktisk veldi go, heilt til Rosanna
fann ei kule i den ;P
Emily fann ut at ho ville vere ei natt til i Isle, so ho ska ikkje på skulen i måra.. Ken sa han ville kjøyre meg før han fer på jobb..

Måndag, og ny veke på skulen.. I biologi hadde vi ett forsøk me tyggis.. Skulle skrive ned fornadringa når du tyggde den i 10 min.. teit..
Sat at me Diego og Milos, dei og e utvekslingsstudenta, i lunsjen i dag.. pluss litt andre folk som eg ikkje heilt kjenne..
Volleyballtrening i dag, gøy og travelt.. for heim igjen, åso tok eg ett bad.. Kom ut av badet, og sat me lekse når Emily kom heim.. Hadde hatt de kjempefint i Isle virka de som..

Tirsdag gjekk med te video i bio, om biotopar, åso for vi på fottur i lokal hist.. va sovidt vi kom tebake til klokka ringte..
Skulle spele fotball i gym, men folk her e veldi dårlige, so dei tok ballen me henda ettekvert, og blei krafti skjent på av læraren.. deee va synd..

Hadde volleyball kamp idag, og eg fekk spele, ca 1,5 min av den dah mene.. E jo en start ;P Va skikkeli skummelt, for plutseli høyrte eg namne mitt, og blei nesten skubba innpå..
So va de heim og gjere matte.. :P

I dag va de Advisor nåke, som ve seie at vi får en time skuletime ekstra til å gjere lekse, men tida bli tatt frå dei andre timane våre.. vanlivis e en time 50 min, idag va dei berre 45, elns.. Gøy..

Ut på tur igjen i Lokal hist, og idag greidde læraren og glømme igjen en av elevane på skulen, Milos frå Slovakia.. Syns litt synd i han, ingen kom på at han ikkje va der før vi allereie va komt fram ;P

Ette trening so for eg at me Emily og noken cheerleadera sta og åt chicken wings.. Der e et spesialtilbud kvar onsdag.. So dei bruka vist og fare dit, eller en anna plass, kvar onsdag og ete.. Va kjempe kjekt..
trur eg fekk noken bilde og, men dei e på kamera enda.. :P

Ska på kamp i måra, ut å reise.. men ekje heilt sikker på kor vi ska.. So ska få litt bilde derifrå tenkte eg..

Men no e de natta..

fredag 11. september 2009

Skule og diverse rariteter..

Måndag va det Labor Day her, og siste dagen før skulen skulle begynde igjen.. Den dagen blei egentlig i ganske stor grad brukt berre til å finne ut kva eg skulle ha på meg på skulen dagen etter..
I 2-tida for vi bort til foreldra til Ken, skulle ete ribs, va faktisk ikkje so alt for gale det altso... Emily skulle ta seniorbilde, so ho for tidleg.. Åso sa Ken at eg og måtte ta bilde med ho dama ein gong, for ho var virkelig flink.. Noke Emily og sa når ho kom heim.. So vi får sjå kva det blir til..

tirsdagen kom, og Ken kom ned og vekte meg klokka 7, litt tidleg for meg menmen.. Kledde på meg, gikk opp, åt frukost og so sat eg i en stol og halvsov til Emily var klar til å fare..
Skulle ha biologi i fyrste, men de var vist ikkje slik likevel, hadde ett eller møte med "advisor". Som eg hoppa over.. Og eg merka ikkje det før vi var komt til 3 timen - som var matte, dvs at eg var komt til 4 :P Jaja..
So eg droppa biologi og lokal historie i dag, og hadde dobbel matte time og noke anna :P
I Kor (som eg no vurdera og skifte frå) blei eg faktisk kjendt med litt folk.. Forsovidt i dei andre klassane og mene..
I lunsjen blei eg sittande at me Jessica, som vist er venninde med noken Emily ha blitt kjendt med.. Gøy..

Ette lunsj, som var en veldi ekkel pizza, gjekk eg til Forensic - som er sånn krim, lab ting.. ;P Veldi kjekt faktisk.. I 6 time hadde eg Design, også var det tid for engelsk 10 - at med Sarah og Cassie frå Tyskland..
Seinare var det kamp i Parkers, og eg måtte vere der fyrste kampen uten å spele :/ men fekk fare rett ettepå, eller.. Var der og varma opp det andre laget, også måtte eg fare.. Rosanna var der og henta..
Alt i alt so ver det ein god dag..

Onsdag kom eg meg opp sjøl, men fann ut at alarmen var stilt inn feil, var stilt inn på å ringe om kvelden.. :P Komisk..
Greidde og komme meg til riktig time i dag dah.. Men har no funne ut at eg med sikkerheit skal skifte frå musikk til trening..

Rett etter skulen idag var det trening for volleyball-laget.. Dei har vist fult opp med trening og kamp heile veka.. Trening måndag, onsdag og fredag.. Med kampar tirsdag og torsdag.. So det betyr at eg må på kamp, uten å spele, igjen i måra.. Heldigvis for meg er det heime denne gongen også.. Sleppe å reise vekk for å sitte der til Varsity er ferdig.. (Ha tre lag: C, B og Varsity.. )
Men etter kampen kom Emily og henta kjøyrte heim, skifta også for vi tebake til Parkers.. Skulle ut og ete ilag med noken Emily hadde blitt kjendt med.. Som seinare viste seg at eg og kjendte.. :P
Vi for til Alexandria, på Pizza Ranch, som har pizza, pizza og dessertpizza ;P Var veldig kjekt.. Ogso tok vi og kjøyrte 7 i ein bil frå Ranch til Walmart.. Der eg fann ut at eg måtte kjøpe perma til skulen.. Hadde sett etter i Parkers tidlegare, og det var eigentleg tilfeldig at vi for dit.. Skulle eigentleg til Rose city at med noken andre cheerleadera..
Snakka om alt mogleg mellom himmel og jord, og kom inn på tema som er heilt merkelege.. Men har fått litt intern humor oss i mellom..
Som "I like your eyes" "want to see my boobs?" eller "like your toes/eyes" "wanna lick them?"
Ut av det kan du lese at vi hadde litt merkelige samtaleemne..
Men var frykteli kjekt daaa..

Torsdag, og ein tur til den lokale kyrkjegården i lokal historie.. Var faktisk ganske spannande.. Såg gamle grave, frå folk som kom over frå Skandinavia og diverse.. Gjekk at med Cassie.. Huska faktisk og gå inn på kontoret og skifte klasse i dag.. So istaden for musikk fekk eg spele fotball at med dei andre.. Viste seg at vi blei 4 utvekslingsstudenta i den klassen.. Diego og ein frå Slovakia + meg og Sarah.. :)
I Design klassen lagde vi faktisk masker i dag, tenke å måle den med norsk flgg.. Også skal vi skrive noke personleg om den maska, kvifor vi målte den slik.. enkel - eg er norsk..
Var på volleyball kampen frå klokka var hal 5 til den var 9.. Vår kamp begynte klokka 5, også var det b-laget, og tilslutt var det Varsity, som spelar best av 5.. Men kom meg ikkje heim før, fordi Emily ville sjå kamp, men ho kom ikkje før den siste...
Hadde det fryktelig kjekt da, sat atmed Jessica og nokre av vennane hennar.. Skal vist begynde med cheer og, eller vere med på uttak.. ;P Kan bli kjekt.. Sat der og lo av ting som nesten ingen forstod noke av.. Intern humor.. :P

I dag, eller igår blir det, var det siste dag før helga.. Hadde min fyrste ordentlege gymtime, i styrkerommet.. Det har dei annankvar dag.. So ein dag leik, andre i styrke.. Kjekt..
Holdt på og sovne i Forensic timen, skulle sjå film, og so slo han av lyset.. Blei so søvning atte.. I design begynte eg faktisk på maska, fint flagg på eine halvdelen, og so tenkte eg svart, med ett-eller-anna måla på.. notar elns..
Engelsk fann eg ut at vi har fått ei oppgåve som skal inn på måndag, flaks for meg so hadde eg faktisk begyndt på den, i stikkordsform..

Etter skulen hadde vi Serve-a-thon, som er at du skal serve 100 gongar, og for kvar gong du treffe so får bu betalt.. Rett nok berre dersom du har fått ein donor da..
Greide faktisk 75 av 100, og sidan Ken betalte 0.25 dollar, blir det eindel..
Når alle var ferdige bestilte trenarane pizza, so vi sat på golvet inne i gymsalen og åt..
Etter det for eg heim med planar om å gjere lekser.. Fekk gjort litt, so blei eg litt opptatt av eit tvprogram om Ferensics... Skikkelig spennande..
Etter det gjekk eg og la meg, med dataen.. So kom eg på at å oppdatere folket heime kunne vere ein ide.. So no ligg eg her, lurer på kva morgondagen vil bringe..

Har ikkje fått noken nye bilder og vise dokke.. skal prøve og hugse kamera neste gong eg skal ut av huset.. :)

søndag 6. september 2009

Film frå kampen..



Ditta er åpningsgreia til Minnesota Vikings, på heimebane selvsagt.. :P Ditta hornet du høyre er faktisk Gjallarhorn ;P

lørdag 5. september 2009




So va det tid for å skrive eit nytt innlegg her igjen.. Ha skjedd endel sidan sist eg skreiv her da..

På torsdag hadde eg mi fyrste volleyball trening, med Parkers Preirie Panthers.. :P
Men før eg kom meg dit so for eg og Rosanna inn til Alexandria og handla, måtte ha meg knebeskyttara (svart eller kvit) og so måtte eg ha meg sko.. Til frukost sso åt eg faktisk hamburger, i Alex.. Då va vel klokka blitt 1 eller nåke.. Ettepå for vi på Walmart, og handla inn te middag, skulle lage pannekake på den norske måten ;P Kom ut igjen so ville ikkje bilen starte, men vi fekk det til ette ei stond.. Kom akkurat litt før treninga begynte, og de var faktisk eindel som kom bort og lurte på om eg va "systra" til Emily.. Eg sybs de va skikkelig kjekt på trening, også når de va slutt kom dei bort og spurte kva eg syns, og når eg sa de svarte alle "morsomt?? eg syns de va travelt!" men de va de egentlig ikkje :P
Einaste er at ingen her greie å uttale namne mitt :O

Pannekake til middag, men de va berre eg og Ken som ville ha.. Å han greidde ikkje slutte med å seie kor mykje bedre norske pannekake va enn dei amrikanske..
Må kanskje lære han korleis dei skal lagast.. :P


På fredag var vi til Parkers ein tur for å levere inn ark til avisa deira.. Dei ha eigne skjema for utvekslingsstudenta, også måtte dei vist ha bilde.. Fekk høyre av ho dama som tok dei at eg ha et veldi fint smil.. Då måtte eg nesten le litt.. :P

Ettepå for vi inn på skulen for å skjekke om alt va ordna med skulen og faga.. Då fekk eg vete at kjemiklassen va overfylt, so eg kunne ikkje få det, men eg kunne få biologi, og forensics (som er kriminalting, med dna og sånne ting), og matte.. Men då har eg likevel to fag som eg treng neste år.. Men ha skikkelig lyst på kjemi !!
So då ser dagane sånn ut for meg:
1.semester
- Biologi
- Lokal historie
- Pre-calculus
- Kor/musikk
- Forensics
- Design 1
- Engelsk

2.semester
- Biologi
- lokal historie
- Pre-calculus
- Kor/ musikk
- Forensics
- Strength Training
- Engelsk

So de..
Ettepå for vi heim, og venta på at Rosanna skulle komme heim frå skulen.. So skulle vi til Minneapolis, og til Metrodome, som er arenaen til the Minnesota Vikings. Favoritlaget til Ken..
Fyrst var vi innom Mall of Amerika, men fekk ikkje handle noke.. Skal tilbake ei anna helg..
Når vi var der inn for vi rett inn til karusellane, og tok den minste berg og dalbana so va der, men fekk godt overblikk over alt so va der da..

Tok tog frå Mall of A. til Metrodome, atme mange andre so skulle på kampen..
Va vist ikkje so mange som vanlig på kampen, for de va en pre-season kamp.. Men det tok ei stond før vi kom oss derifrå.. Gjekk i tredje kvarter, men va veldig long kø til toga.. :P Åso va vi vel heime i 2-3 tida på natta..

Brukte mesteparten av idag til å kope heime, og på ettermiddagen for Rosanna på jobb, Ken på jakt, og Emily bestemte seg for å ta ein tur til Isle og besøke søstra og kjæresten..

Eg brukte ettermiddagen til å snakke med litt folk heime, og til å rydde litt rundtom i huset.. :P

onsdag 2. september 2009

volleyball og golf :P

Fann en eg ikkje hadde posta enda ;P den er altso skreve den 2 september..
I går brukte eg dagen til å gå rundt og daffe.. For en tur inn til Parkers for å handle, og sende bursdagsgåve til Ingrid.. Får den i posten om 6 - 10 daga :P
Snakka litt med mamma, pappa og Ingrid, men so skulle vi til Verndale på volleyball kamp :)

Der såg vi ei anna som går på PP, ho ska vere frå Tyskland.. Ha og høyrt snakk om at her ska vere ei norsk også.. Eg er ikkje så sikker på det no lenger.. men men..

Dei va skikkelig flinke, trur ikkje eg greie de like godt som dei altso.. Når vi var der såg eg ein skikkelig fin fyr, men såg ut som han var frå Verndale og ikkje Parkers.. ;/

Men det va skikkeli mykje liv der, og såg frykteli kjekt ut å vere me =) Gleda meg..

I dag so for vi longt vekk for å golfe.. Fyrste gongen eg ha golfa på ordentleg, ikkje berre sånn minigolf.. Er faktisk ikkje sikker på om eg har gjort det heller.. Men men.. kan aldri vete..

Va so komedie.. trur eg bomma på ballen annakvar gong eg skulle slå.. Tilslutt so gjekk de dah.. Å siste hole hadde eg berre 4 slag på å treffe :P
Sluttresultate blei: Ken - 38(?), Marte - 59, Emily - 60 og Rosanna - ?.. So alt i alt var det ein god dag å golfe på.. :P

Klokka 19 for vi inn te Parkers, skulle vere eit møte for nye studentar ved skulen, dvs. meg, Emily og dei som begynde på skulen der i år.. :P

tirsdag 1. september 2009

NYC og tida etter..


Då va bilda frå NY komt ut.. So då kan eg skrive om resten av dagane..

På laurdag for vi inn til Alexandria, og på Walmart og handla.. Men før det so for vi å kjøpte ny, amerikansk telefon til meg.. og etter det for vi å sjå på ny bil til Emily..

Søndag sto eg opp, og gjekk ut til hestane.. Prøvde å selekjøyre Little Joe, men de gjekk ikkje so veldi bra.. Og den andre ponnyen skulle eg prøve å ri, og han kasta meg nesten av.. Trur de er ei stund sidan dei har blitt brukt altso..
Emily låg ute å sola seg, og eg joina etter at eg hadde tatt meg av hestane.. Skikkelig søte e dei =)
Etter lunsjen for eg og Ken på ATV (eg kjøyrte) bort til foreldra hans, og skulle helse på dei.. Dei var altso ikkje heime, so vi for bort til tanta og onkelen i staden.. Mens vi kjøyrte bort igjen (gjennom beite) so møtte vi på mora og faren.. Virka skikkelig hyggelige folk.. Resten av kvelden gjekk egentli til å gjere nesten ingenting.. Rydda litt på rommet, og pakka ut dei siste tinga mine.. So de ser no nokenlunde ut her nede ;P

I går for vi bort på skulen, og fekk omvisning på område.. So måtte vi velge fag, der eg ha kjemi, matte og engelsk 12 som sikre fag.. so trur eg at de bil historie, psykologi, musikk og web design..
Ettepå so for vi sta og handla på Panthers sin butikk :P Kjøpte meg ein Panthers gensar.. :) Når vi kom heim åt vi lunsj, også for vi sta og fiska litt.. Fikk faktisk eit par fiska jah.. Når vi kom heim hadde vi dei til middag =) Ette middagen gjekk eg ned på rommet, for å sjå litt meir over faga eg kunne velge, ska vere junior forresten.. mens eg sat der kom Emily ned, so vi blei sittande og snakke litt om alt mulig.. ho sa at ho kjem til å flytte tilbake til Isle i oktober ein gong.. Vil veldig gjerne vere der det siste året, at me alle vennane sine..

Seinare på kvelden såg eg min fyrste NFL kamp, Vikings mot noken andre.. :P Skikkeli kjedelig å sjå egentlig.. Va berre takinga og sånn.. Em sa at de er mykje mosjomare å sjå den live.. :P Gleda meg.. Men får ikkje vere so mykje på Mall of A.. Ska ned å sjå kamp, kjøyre opp igjen(Ken skal på jakt), også skal vi heller fare ned igjen ein annan gong.. Få handle ordentleg.. :) Ette kampen sat eg og Emily oss til å sjå Twilight.. De va kjekt.. =) Gjekk og la meg rett ettepå..