onsdag 30. januar 2013

Så, etter mange lange og sol fylte daga (og ein me regn) var det på tide å lever oppgåve, også slappe av. Siste dagen blei nytta til det fulle – med soling, litt shopping og ja, pakking.

Australia har vert eit eventyr! Men skal no bli koseleg å komme heim og kanskje oppleve ordentleg julestemning. (julemusikk ekje heilt de same utan snøv og sånn)

Turen starta frå Brisbane Backpacker kl 21, me ein buss som var 15 min forsinka – og då va eg allereie nervøs! Blei laaang venting på flyplassen før vi fekk sjekka inn, men etter det gjekk alt glatt – ingen ytterlegare problem for oss denne dagen :P

Hong Kong kom vi til tidleg på morgonen, og hadde 2,5 timar til å labbe rundt – men blei eigentleg til at vi satt ved gaten og stirra på skjerma :)
Turen til London føltest endelaus! Då e de bra ein har masse filma på TV`n som gjorde det tåleleg. Men verre skulle de bli!

Ankom London kl 14.30, og skulle så med flyet til Oslo kl 16.55 – det gjekk ikkje, for her fann vi ut at flyet var kansellert, men var vi heldige så kunne vi rekke eit fly kl 19. Så fotra oss bort i køa, som går i sneglefart! Kl halv 7 står det klart for oss – vi kjem ikkje med flyet.. Trufaste helde vi ut, for vi vil sikre oss billettar til neste flygining ut.. Kl 22.00 får vi beskjeden, dei som har Europeisk, amerikansk, australsk pass – ut av køen! For vi har lov til å gå inn i Engeland, og dermed også plassert på hotell.

Å så snilt av dei tenke dokke kanskje då? FEIL! Det hotellet ligg 2 timar unna, og når vi skal vere tilbake her kl 5 (for å få billettar til flyet som går kl 7.30) blir det eigentleg berre tull! So då blir det enda ei natt med dårleg søvn. Og bagasjen min må også hentast i måra for å droppe den av igjen! Teite British Airways

So no e kl 23 – og eg e drit lei! Akkurat no kunne eg vert i bilen på veg heim! I staden e eg stuck i London… Sitter på en veldig ubehagelig stol som kjem til å vere senga mi i natt. Så lenge den vare..
(ganske irritert)

men men, dagen etter kom vi oss no på flyet - Lene med direkte fly til Stvanger, mens eg måtte reise via Bergen til Oslo også til Hovden - laaang omveg, men var vertfall heime igjen :)