onsdag 30. januar 2013

Så, etter mange lange og sol fylte daga (og ein me regn) var det på tide å lever oppgåve, også slappe av. Siste dagen blei nytta til det fulle – med soling, litt shopping og ja, pakking.

Australia har vert eit eventyr! Men skal no bli koseleg å komme heim og kanskje oppleve ordentleg julestemning. (julemusikk ekje heilt de same utan snøv og sånn)

Turen starta frå Brisbane Backpacker kl 21, me ein buss som var 15 min forsinka – og då va eg allereie nervøs! Blei laaang venting på flyplassen før vi fekk sjekka inn, men etter det gjekk alt glatt – ingen ytterlegare problem for oss denne dagen :P

Hong Kong kom vi til tidleg på morgonen, og hadde 2,5 timar til å labbe rundt – men blei eigentleg til at vi satt ved gaten og stirra på skjerma :)
Turen til London føltest endelaus! Då e de bra ein har masse filma på TV`n som gjorde det tåleleg. Men verre skulle de bli!

Ankom London kl 14.30, og skulle så med flyet til Oslo kl 16.55 – det gjekk ikkje, for her fann vi ut at flyet var kansellert, men var vi heldige så kunne vi rekke eit fly kl 19. Så fotra oss bort i køa, som går i sneglefart! Kl halv 7 står det klart for oss – vi kjem ikkje med flyet.. Trufaste helde vi ut, for vi vil sikre oss billettar til neste flygining ut.. Kl 22.00 får vi beskjeden, dei som har Europeisk, amerikansk, australsk pass – ut av køen! For vi har lov til å gå inn i Engeland, og dermed også plassert på hotell.

Å så snilt av dei tenke dokke kanskje då? FEIL! Det hotellet ligg 2 timar unna, og når vi skal vere tilbake her kl 5 (for å få billettar til flyet som går kl 7.30) blir det eigentleg berre tull! So då blir det enda ei natt med dårleg søvn. Og bagasjen min må også hentast i måra for å droppe den av igjen! Teite British Airways

So no e kl 23 – og eg e drit lei! Akkurat no kunne eg vert i bilen på veg heim! I staden e eg stuck i London… Sitter på en veldig ubehagelig stol som kjem til å vere senga mi i natt. Så lenge den vare..
(ganske irritert)

men men, dagen etter kom vi oss no på flyet - Lene med direkte fly til Stvanger, mens eg måtte reise via Bergen til Oslo også til Hovden - laaang omveg, men var vertfall heime igjen :)



onsdag 5. desember 2012

oh Brisbane - why art thou so warm?

Då har vi hatt eit par laange, varme dagar her i Brisbane - og vi nærmar oss raskt avreisedatoen :S :) ska bli kjempekjekt å komme heim, men varmen og sola blir nok eit savn :P

Har i det siste ikkje gjort så veldig mykje, dagen startar med frokost, tur til stranda også ei lita ettermiddagsøkt på skulen :P vertfall som regel :P

Måndagen var eg flink student, og fekk gjort ein del "ekstra", sende ut litt mailar med spørsmæl om ekstra informasjon og litt sånne ting :P På tirsdag fann Lene ut at ho ville klyppe seg, så vi tok turen inn til Queens Street, tenkte at kunne få overstått siste souvenir shoppinga denne dagen :) gjekk overraskande bra, einaste var eg fann litt mykje fint til meg sjølv ogsa! bra ein har litt fornuft igjen i varmen so bestemte eg meg for å ikkje kjøpe absolutt ALT eg hadde lyst på - då hadde eg nok vert ganske so blakk.... Lene fekk time 13.30, so frå 10 - 13.30 gjekk vi rundt og shoppa :) Deretter gjekk eg tilbake til skulen ein liten tur :) Der møtte eg på Anne Berit (som vi også gjer kvar dag :P) etter ei stund så måtte eg berre ut - Stranda praktisk talt ropte på meg! Hærleg me så fint vær og kort veg til stranda!!


Dagen etter var det min tur til å få fiksa på frisyren :P Etter ei samtale med mamma som sa det ganske sikkert var fullbooka heime for eg til same plassen Lene var i går, som var ein frisør skule :) Men først måtte vi ha oss ei stund på stranda :P Då det blei for varmt, og eg framleis hadde 1,5 time til frisøren blei det til at eg vandra meg bort til kinoen (har sååå lyst til å sjå Pitch Perfect før vi reise) for å sjå på kinotider! Gjett kven som ska på kino igjen på fredag - thats right, this one!

På Brisbane School of Hairdressing, som de heite, har dei verkeleg flinke folk :) Og til 12 dollar for vask + klipp vil eg sei er ganske so stort pluss i reknskapen :P Dama som fiksa håret mitt var ganske flink! og blei fortalt av bæde ho og læraren at eg hadde "great hear" :P Einaste ho læraren kanskje ville ha gjort var å få lagt inn lyse striper... So får tenke litt over de då :P


Deretter bar det tilbake til skulen og denne gang var det ikkje so mykje skriving.... Må haa nokre dagar uten :P Blei heller til at oppgåva blei skriven ut og tatt med tilbake - so får eg kanskje gjort noke ved bassengkanten i morgon :P
Idag var vi faktisk så flinke at vi var og handla middag :P så fyrste middagen laga på hostellet blei då spagetti med tunfisk - lene fekk mesteparten av tunfisken :P

Dag 6: Brisbane Backpacker hostel.
Idag gadda vi ikkje å gå heilt ned på stranda for å slikke sol, so vi hoppa i bikinien og la oss ved bassengkanten i staden - godt utstyrt med pensum, skrivesaker og ikkje minst major assignment, papirutgave! etter å ha lest gjennom, komt med rettingar og lest litt meir, måtte vi gje etter fr våre lyster, og hoppa kontant ut i bassenget! ganske so kaldt etter å ha ligge i sola og stekt! deretter blei det litt lesing i pensum, ta notat, hoppe i bassenget og repeat! Slik gjekk det fram til klokka var vel 14.. Då måtte eg ut av sola :P so då gjekk turen til skulen og fiksing av oppgåve - som dokke tydeleg ser av dette innlegget! jaja, har jobba ein del, men må ta seg litt friheiter innimellom! :P

PS: 6 dagar til eg er heime i vakre Noreg!
PPS: mamma! eg trenge masse julepapir og at ingen e heime når eg ska pakke inn gåve!

HEr kjem litt bilde frå vår tid i Brissy:









mandag 3. desember 2012

Tokyo

Dagen etter Disneyland vart ein roleg dag for oss alle, dei fleste ville få til litt skriving (og bli ferdig før tur til India). Så dermed gjekk eg ut å såg meg rundt i lokal området.. Fann eit lite bakeri der frokost blei innkjøpt, også gjekk på jakt etter post kontoret.. Etter å ha blitt fortalt eg skulle gå ei heil gate ned, gjekk eg faktisk to - kryssa vegen og stakk innom ein liten butikk der eg spurte om vegen :) sia dei ikkje snakka så bra engelsk fekk dei ein person til å følge meg - dei tre bygningane som var mellom - til verdas minste dør der det stod med lita skrift "post office".. Og der hadde eg gått og sett etter eit stort post kontor.. ut på kvelden samla vi troppane og bestemte oss for Indisk for kvelden :)

Torsdag, og nest siste dag i Tokyo - og no ville vi sjå de "ekte" Tokyo!
Vi hoppa på subway, og reiste til Harajuku! Der skulle vi gå i parken og ete frokost, heilt til vi ikkje fann ein einaste benk! derfor satte vi oss ned i ei trapp :) enkelt og greit..





Deretter va vi locked on mission, og fann handlegata :) So sosa vi oss inn til togstasjonen i Tokyo, der vi eigentleg ikkje fann noko særleg sentrum å snakke om, var berre masse høge bygningar og ikkje noke særleg anna - men! Vi fann enda fleire butikkar inne på togstasjonen :D og det var også her middagen blei inntatt, før vi reiste tilbake og eg hoppa i Boblebadet! Hæærleg :D





tur til Flyplassen og til Brisbane: Siste dagen i Tokyo skulle nytast - så lenge den varte :P dermed blei det Starbucks til frokost, før vi foretok ei siste lita shoppingrunde på senteret rett ved sidan av. Alt dette blei gjort før avreise kl 10.30 :)

Så var det å hoppe på subwayen, skifte til ny subway, også over på toget, også der skulle vi følge til endes :) enkelt og greit - men tok laang tid..
Så var det sjekk inn, også vente på flyet :) Vel innanfor var der enda meir moglegheiter for shopping, så måtte no rundt å sjå kva der var å finne :P Også sjølvsagt litt data tid :)

Flyet vi tok skulle til Guanzhou i Kina, der vi måtte gjennom imigration for å komme oss til international flights - og det var her vi sa hade til våre gode reisekamerater, Carina og Karoline som skulle vidare til India og Thailand..

Flyet, som skulle gå halv ti på kvelden brukte evigheite! Boarding kl 20.50, men skjedde ikkje noko før kl 21.20, og deretter måtte vi på buss, for å stå enda eit kvarter i kø før vi faktisk fikk komme på flyet! Litt irritert? Me thinks YES! enda meir irriterande å bli fortalt vi ska lande halv ti, og neste morgen bli fortalt at vi landar kl 09.50, lokal tid ..

Men har no vertfall komt oss inn til Australia :) Og hostellet vi bur på er heilt ok, med eige svømmebasseng :P tihi..
fyrste dag blei brukt til å sitte på skulen, ete, tilbake til hostellet før vi møtte opp med jentegjengen, Anja, Malin, Nina, Line og Stine :) Måtte oppdatere oss litt på ståa (dei reiste til Fiji, og skulle reise Australia rundt dagen etter) Hadde det super koseleg på ein lite restaurant :D

Neste dag var det igjen skuletid, ei svært kort stund! med så mykje sol og ta igjen bar det nesten rett på stranda! :D gjett om eg kosa meg der!
Vatnet var lunka når eg skulle uti, og det va hæærli!!!! Men etter eit par timar kjende eg det var på tide å komme seg inn i skyggen igjen, og det bar tilbake til skulebenken..
Så fann vi ut, flinke datanerda som vi e, at Twilight (!) gjekk på kino enda, so eg og Lene kjøpte oss billettar til den seine visninga, så vi skulle rekke å handle inn middag, og ete den.. Gjett om de slo ut feil!

Vi kjøpte inn pizza, og tenkte nam! Kom tilbake til hostellet, og der var ikkje ovn til å steike den i... Prosjekt pizza-i-steikepanne gjekk nogenlunde.. Etter fyrste stykke fann Lene ut at, hei- ta ett lokk over! så siste stykket blei overraskande godt :P Og kinoen var Suuper!


tirsdag 27. november 2012

Busstur og disneyland

Frå Miyajima reiste vi kl 5.45 og klare for å ta toget til stasjonen for å hoppe på bussen..
Frå Hiroshima til Osaka i buss var ganske so behagelig, og det av vi stoppa ved Starbucks på vegen gjorde nok ting litt betre :P

I osaka hadde vi ganske so lang tid, nærmare 10 timar, so når vi kom dit va det to ting – vi kom oss til Willer Express sitt kontor der vi fekk sette igjen bagasjen.. Yey! Så var det ut på tur.. Gjekk tilbake til stasjonen og reiste til Himeji Castle.
Takk til snille folk på gata som viste oss i riktig retning, og følgte oss heilt til bygninga :)

Søt liten plass ca 1 time frå Osaka, brukte ei stund på å gå rund t, og var vel tilbake i Osaka rundt hal 7 :P




Deretter gjekk turen til Hard Rock Cafe :) Der åt vi kjempego mat! Brukte vel 45 min på å rote oss rundt i Osaka før vi fann det :P men men, vel verdt turen..
Kom tilbake til Willer i rundt halv 10, og deretter var det å vente på at bussen skulle gå.. Flaks for oss var der tysk julemarked rett utanfor, so fekk sett litt av de :D berre synd dei stengte nesten rett etter vi kom.. deretter var det å sitte inne, pakke litt om og sjekke nettet – før vi heiv oss på bussen (som denne gang var meir norsk enn dei andre og svært ubehagelig. Nedtur! Men, kom oss til Tokyo! :D
Dernest kom tog/subway turen til Kiba, og hotellet. Må seie at å ha med all bagasje på eit lite, stappfult undergrunn ikkje e noke særleg! Alt for mange folk som skulle inn på og dreiv å skubba og styr.. Får satse på buss i neste omgang, finne Airport Limousinen, og ta den i staden :P







Dag 1 i Tokyo blei nytta til å traske i området.. Fann Starbucks igjen, berre eit par 100 meter frå hotellet, samt andre restaurantar og cafear, og ikkje minst kjøpesenter..
Etter å ha gått rundt der fram til Check-in var vi glade for å kunne sette oss ned og slappe litt av :D Vi har tatt inn på Tokyo Kiba Hotel, der vi søv i små kapslar, og ikkje på vanlege rom! Veldig spesielt… Og ganske so interessant :P Her har dei også boblebad som eg har vert ganske flink til å bruke :P

Dag 2: DISNEYLAND!!!!!!!
Dag nr to kom, og alle måtte stå opp veeeldig tidleg! Syns eg … Frokost kl 9, og deretter skulle vi avgårde, men bestilte ikkje taxi før kvart på 10, so va greitt me tid til å vakne ordentleg.. Tok taxi til ein stasjon, der vi fekk hoppe på toget ut til Disneyland!
Akkurat når vi kom oss inn, starta der ein parade! Yey! Denne fekk vi altso me oss, deretter var det å vandre rundt heile Disneyland, og sjå utruleg mykje morosamt.. Prøvde også spøkelseshus, bilar og mykje anna morosamt :P Vel verd turen!
Hadde tenkt å få me oss fyrverkeriet, som gjekk seint på kveld – då hadde de vert en ide å ha me meir kle, men i staden gjekk vi der som fire frostpinnar, for fyrverkeri – DE skulle vi sjå!
Deretter blei det litt meir shopping, før vi tok subway heim..
Kom tilbake må eg seie at boblebadet lokka meg inn, og gud kor deiligt de va å bli varm igjen :P
Sånn bur vi, forresten:









lørdag 24. november 2012

Whoa! I can't believe we're in Japan!

Noken gang høyrt "Japan" av Lonely Island - de ha vertfall eg! genial sang :P og nesten akkurat sånn føle vi oss her vi sitte :P



Etter å ha tatt nattbuss til Kyoto, så prøvd å rote oss fram på busstasjonen, der infromasjonen sendte oss i heilt feil retning av der vi skulle, kom vi oss endeleg til hostellet, ca 7 på morgonen.. Der blei vi møt av dette synet:


Så var det eigentleg berre å legge seg i senga og få seg litt kvile :P og dei fleste våkna til igjen rundt kl halv 2, og så var det ut å sjå seg rundt :)






også måtte vi jo prøve ny og spennande mat:
bolle me vaniljefyll

























og fiskekake me potet



Dagen etter hadde vi alle skrivedag, for då skulle fyrste utkastet til hovudoppg. inn! :S men på kvelden fekk vi de kjekt :P møtte ei hyggeleg jente, som budde på rom me oss, på butikken og blei spurt om v sku vere me ut (ho sku møte noken) og de sa vi ja til! etter å ha gått ei runde i området fann vi ut at de va enklare å kjøpe drikke på butikken, for so å sitte utanfor hostellet vårt :P enkelt å greit :) etter ei stund satt vi no der ein fin gjeng, til vi blei jaga i parken :P etter ei stund så blei de so kaldt at vi flytta oss inn - og ikkje lenge etter var alle i seng :P

Dag nummer tres in Kyoto, og vi er alle klare for å reise ut i byn, skal sjå litt tempel :)
hoppar på bussen og reiser til kinaku-ji temple :)



Så skulle vi eigenteg til eit anna tempel, men når vi kom oss dit var det stengt, så vi valgte å gå, fyrst for å ete middag men så fann vi ut at det var ikkje den lengste strekninga tilbake til hostellet.. so vi gjekk heile vegen dit vi :)

Så kom siste dagen i kyoto, og vi var ferdig pakka kl 11, og fekk legge igjen bagasjen og stakk ut i smågatene ein siste gang.. Kom tilbake på hostellet, og skulle komme oss til busstasjonen, der vi skulle ta buss til Hiroshima. Folk meinte vi hadde så god tid, at vi kunne vente litt med å fare - de skulle vi ikkje ha gjort...
Kom på busstoppet, men ingen buss som skulle til Kyoto Station. Med kvarter igjen på klokka hoppa vi i to taxia, og satte avgårde.. I det vi svingar inn gata ser vi bussen vår reise :(
då blei det litt trakking fram og tilbake, sjå om vi fann anna buss evt om vi skulle ta å spandere på oss eit tog - og tog it is! :D blei fattig av de, men vel verd pengane.. tok oss 2,5 timar å nå hiroshima, og igjen 20 min derifrå til Backpacker Miyjajima, vårt hostel :) Ganske so fin beliggenheit, nær freja til Miyjajima og verdsarvlista O-toji gate..
Og med berre ein heil dag i Hiroshima var det også deilig å få vere utkvild til ein intens dag.. Klokka halv 9 var alle oppe, og nærmare halv 10 var vi komt oss ut døra og headed for the bakery - og dernest Hiroshima og Atomic Bomb Dome og Hiroshima Peace Memorial..




Deretter tusla vi oss vidare til enda eit temple, som eg ikkje er sikker på kva heiter.. men fint va de :P


Deretter var det og ta trikken tilbake til hostellet, og no skulle vi endeleg over til Miyjajima Island!! Tok max 10 min med ferja over, også var det picture time!



der va faktisk hjorta so gjekk å vandra i gatene! (Carina har fleire bilder, so desse kjem vel etter kvart :P)

Også har vi prøvd enda meir mat!



Den siste tingen e verd å google - for den består i hovudsak av japanesisk pannekake, fylt med basics; kål, svinekjøtt, nuddlar, steikt egg og bbq saus! og i tillegg kan du velge å fylle på me enda meir rare ting! I dag hadde eg "spicy minced beef" :) Smakte overraskande bra til å høyres å sjå så spesiell ut.. Takk til vennleg mann på hostellet for å sende oss dit!

No e eg ganske klar til å takke for meg, med den siste note at vi skal reise til tokyo i måra, via Osaka og Himeji Castle - og eg har greid å rote vekk adapteret som skal inn i kamera! Kudos til meg! Forhåpentelg vis ligg det allereie ferdigpakka i baggen.. viss ikkje kjem telefonen til å ha eit hardt liv desse siste vekene!

PS: 24.Nov hadde Blondie bursdag! GRatulere me dagen Søs!! :D :D

PPS: No, 25 nov. e de berre 18 daga til eg landar på Hovden! :D Forventa alle der me flagg og vaffel :D ;P





søndag 18. november 2012

欢迎到中国来 or Welcome to China

Så har vi komt oss til Kina, og chengdu! :)

Når vi kom ut av flyplassen brukte vi ein god time på å finne fram til hotellet vårt! For sjåføren vår skjønte ikkje adressa vi hadde skreve ned.. han snakka nemleg berre kinesisk.. So då måtte vi kjøyre tilbake, til ein mann som forklarte kor vi skulle hen. Viste seg at hadde han kjøyrt to gate lenger ned, og ikkje dreve å kjøyrt fram og tilbake den eine gata so han gjorde, så hadd vi nok vert der lenge før!

På kvelden var det ut å sjå seg litt rundt, prøve seg på kinesisk mat (som smakte ganske so ikkje godt, og varm saft) so bar det tilbake til hotellet og ordne med taxi til i morgon – for då ska vi på besøk til Pandaane!! :D :D husk varme kle dersom du noken gang ska til kina i november! Er ganske so kaldt her ass..

Chengdu Panda Base!
Vi sto opp frytkeltig tidleg, for vi hadde fått beskjed om at vi måtte vere der tidleg dersom vi skulle få me oss foring av panda, må sei at sjølv om vi va der tidleg så fekk vi ikkje sjå så mykje foring, berre masse slappe pandaa :P

Vi kom i halv 9 – 9 tida på morgonen, og var der vel til klokka nærma seg 14-15 :) var så mykje å sjå! Fekk sjå baby panda, og barnehage og masse vaksne :P må sei at dissa små søte nøsta e noke av de nusseligaste eg ha sett!
Lunsjen blei også inntatt i parken, før vi måtte gå og sjå bebisane ein siste gang før vi for :P so var vi innom muesum og butikkar! Må ha me souvenirar kan du skjønne :P







Klokka var 05.15, og eg var oppe! Skulle ikkje vert lov! Trøtt og sliten karra vi oss ned i resepsjonen, for det er tid for avreise- BeiJing here we come, lissm..

Etter ein diskusjon med taxisjåføren går dei med på at vi berre treng 1 taxi, so vi hive masse bagasje i bagasjerommet, og lene med sin sekk i framsete, før karoline og hinna koffert går inn i baksete :P må ha sett ganske so rart ut, ein bil fylt til randen av menneske og bagasje.. sånn går det når nordmenn e på tur :P

På flyplassen finn vi ut at vi havna på feil terminal, og då blir de ein oppfriskande gå-tur til den andre :P kjem oss på flyet, og trur søvnen tar oss alle saman ganske so raskt :P

Kjem oss ut av flyplassen i BeiJing, og leitar etter taxi, her var dei ikkje like hjelpsame, og vi må ta to taxiar, trur vi.. I den eine får dei ikkje ta bagasjen inn i taxien (dei har berre plass til ein koffert i bagasjerom) so då blir det til at vi må ta pirattaxi, når alle taxisjååførane går å henta han … kom oss vertfall rett til hotellet denne gangen :P

Deretter var det å finne ut kva vi skulle gjere, og planen blei: Temple of Heaven :) Fann ut at vi skulle hoppe på bussen, som kostar 1 yuan – ca 0.94 NOK.. Gjekk rundt der i ca 2,5 tima, før vi fann ut at vi skulle tilbake til hotellet, og ut og ete.. Var ganske mange plassar rundt her :) på kvelden fann vi ut at hotellet hadde services der ein kunne bestille turar, so då bestilte vi like gjerne tur tl the Great Wall i morga :D





Måtte opp tidleg, avreise kl 7.30, men to-tre timar i buss gjer masse tid å sove på :P Måtte også innom litt andre ting, som Jade marknad – der dei vise oss korleis ein lagde masse ting av jade, også kunne vi gå rundt å kjøpe de etterpå. Skakje sei de va veldig billeg men…
Etterpå for vi til muren, og spaserte på den i 1,5 tima, før vi fekk kinesisk lunsj, denne var mykje betre enn noko anna av maten vi har smakt her! Trur kinesara er litt for glad i kryddere sitt :P Etter lunsjen gjekk turen til Ming Tombs, der vi var inne i tempel og litt sånn, og fekk sett gravkammeret, nesten (det låg 30 meter under jorda) .. Så var det silke marknad, igjen 10 min med korleis ting var lagd, før dei byrja med salgs pitchinga si…

Til slutt gjekk turen innom noko tibetansk urtemedisin senter, der vi fekk massasje :D det va hææærleg! Fekk og besøk av ein doktor, som skulle finne ut kva som feila deg berre ved å ta på deg, Carina blei tilbudt ei pille til 600 som skulle fikse alle hinna problem, just saying..






Laurdag så skulle vi til The Forbidden City, som eignetleg består av masse bygninga som ser nesten heilt like ut.. Men ganske so kult å ha vert der likevel :P Bruke ganske så lang tid der inne også :) Fann eit søtt lite te-hus, der vi blei sittande å chille før vi gjekk vidare, og ut igjen :P Så var det å spasere i dei gatene rundt hotellet og sjå på butikkane :P ganske så mykje rart ein kan finne her..




Søndag var brukt inne på eit hotellrom saman med haudeverk... men fekk eindel gjort på den tida ang oppgåve.. og snilde Carina har ordna det slik at eg moglegens får snakke (sende e-post) til noken med betre kjennskap til samiske tradisjone enn meg :P YEY! håpa eg får dei svara eg treng :)

På kvelden måtte vi til å finne alternative måtar å komme oss til Kyoto på, sidan reilway pass må kjøpast utanfor Japan, og må faktisk sendast i post til deg.. Så husk det alle mann, ska du ta tog i Japan, kjøp lenge før du reise!

Deretter var det leggetid, etter ei kort skype-samtale med mamma via veldig dårleg nett.. Når alarmen då ringte kl 4.20 var det to trøtte tryne som stakk opp av dyna, men kom oss avgårde, og for øyeblikket sitte 4 jenter på ein flyplass i Tokyo og samtlege sjekkar facebook og bloggar! No er det berre å vente og sjå om vi kjem oss til Kyoto med bussen

So long blogg-lovers, peace out!