tirsdag 27. november 2012

Busstur og disneyland

Frå Miyajima reiste vi kl 5.45 og klare for å ta toget til stasjonen for å hoppe på bussen..
Frå Hiroshima til Osaka i buss var ganske so behagelig, og det av vi stoppa ved Starbucks på vegen gjorde nok ting litt betre :P

I osaka hadde vi ganske so lang tid, nærmare 10 timar, so når vi kom dit va det to ting – vi kom oss til Willer Express sitt kontor der vi fekk sette igjen bagasjen.. Yey! Så var det ut på tur.. Gjekk tilbake til stasjonen og reiste til Himeji Castle.
Takk til snille folk på gata som viste oss i riktig retning, og følgte oss heilt til bygninga :)

Søt liten plass ca 1 time frå Osaka, brukte ei stund på å gå rund t, og var vel tilbake i Osaka rundt hal 7 :P




Deretter gjekk turen til Hard Rock Cafe :) Der åt vi kjempego mat! Brukte vel 45 min på å rote oss rundt i Osaka før vi fann det :P men men, vel verdt turen..
Kom tilbake til Willer i rundt halv 10, og deretter var det å vente på at bussen skulle gå.. Flaks for oss var der tysk julemarked rett utanfor, so fekk sett litt av de :D berre synd dei stengte nesten rett etter vi kom.. deretter var det å sitte inne, pakke litt om og sjekke nettet – før vi heiv oss på bussen (som denne gang var meir norsk enn dei andre og svært ubehagelig. Nedtur! Men, kom oss til Tokyo! :D
Dernest kom tog/subway turen til Kiba, og hotellet. Må seie at å ha med all bagasje på eit lite, stappfult undergrunn ikkje e noke særleg! Alt for mange folk som skulle inn på og dreiv å skubba og styr.. Får satse på buss i neste omgang, finne Airport Limousinen, og ta den i staden :P







Dag 1 i Tokyo blei nytta til å traske i området.. Fann Starbucks igjen, berre eit par 100 meter frå hotellet, samt andre restaurantar og cafear, og ikkje minst kjøpesenter..
Etter å ha gått rundt der fram til Check-in var vi glade for å kunne sette oss ned og slappe litt av :D Vi har tatt inn på Tokyo Kiba Hotel, der vi søv i små kapslar, og ikkje på vanlege rom! Veldig spesielt… Og ganske so interessant :P Her har dei også boblebad som eg har vert ganske flink til å bruke :P

Dag 2: DISNEYLAND!!!!!!!
Dag nr to kom, og alle måtte stå opp veeeldig tidleg! Syns eg … Frokost kl 9, og deretter skulle vi avgårde, men bestilte ikkje taxi før kvart på 10, so va greitt me tid til å vakne ordentleg.. Tok taxi til ein stasjon, der vi fekk hoppe på toget ut til Disneyland!
Akkurat når vi kom oss inn, starta der ein parade! Yey! Denne fekk vi altso me oss, deretter var det å vandre rundt heile Disneyland, og sjå utruleg mykje morosamt.. Prøvde også spøkelseshus, bilar og mykje anna morosamt :P Vel verd turen!
Hadde tenkt å få me oss fyrverkeriet, som gjekk seint på kveld – då hadde de vert en ide å ha me meir kle, men i staden gjekk vi der som fire frostpinnar, for fyrverkeri – DE skulle vi sjå!
Deretter blei det litt meir shopping, før vi tok subway heim..
Kom tilbake må eg seie at boblebadet lokka meg inn, og gud kor deiligt de va å bli varm igjen :P
Sånn bur vi, forresten:









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar