mandag 3. desember 2012

Tokyo

Dagen etter Disneyland vart ein roleg dag for oss alle, dei fleste ville få til litt skriving (og bli ferdig før tur til India). Så dermed gjekk eg ut å såg meg rundt i lokal området.. Fann eit lite bakeri der frokost blei innkjøpt, også gjekk på jakt etter post kontoret.. Etter å ha blitt fortalt eg skulle gå ei heil gate ned, gjekk eg faktisk to - kryssa vegen og stakk innom ein liten butikk der eg spurte om vegen :) sia dei ikkje snakka så bra engelsk fekk dei ein person til å følge meg - dei tre bygningane som var mellom - til verdas minste dør der det stod med lita skrift "post office".. Og der hadde eg gått og sett etter eit stort post kontor.. ut på kvelden samla vi troppane og bestemte oss for Indisk for kvelden :)

Torsdag, og nest siste dag i Tokyo - og no ville vi sjå de "ekte" Tokyo!
Vi hoppa på subway, og reiste til Harajuku! Der skulle vi gå i parken og ete frokost, heilt til vi ikkje fann ein einaste benk! derfor satte vi oss ned i ei trapp :) enkelt og greit..





Deretter va vi locked on mission, og fann handlegata :) So sosa vi oss inn til togstasjonen i Tokyo, der vi eigentleg ikkje fann noko særleg sentrum å snakke om, var berre masse høge bygningar og ikkje noke særleg anna - men! Vi fann enda fleire butikkar inne på togstasjonen :D og det var også her middagen blei inntatt, før vi reiste tilbake og eg hoppa i Boblebadet! Hæærleg :D





tur til Flyplassen og til Brisbane: Siste dagen i Tokyo skulle nytast - så lenge den varte :P dermed blei det Starbucks til frokost, før vi foretok ei siste lita shoppingrunde på senteret rett ved sidan av. Alt dette blei gjort før avreise kl 10.30 :)

Så var det å hoppe på subwayen, skifte til ny subway, også over på toget, også der skulle vi følge til endes :) enkelt og greit - men tok laang tid..
Så var det sjekk inn, også vente på flyet :) Vel innanfor var der enda meir moglegheiter for shopping, så måtte no rundt å sjå kva der var å finne :P Også sjølvsagt litt data tid :)

Flyet vi tok skulle til Guanzhou i Kina, der vi måtte gjennom imigration for å komme oss til international flights - og det var her vi sa hade til våre gode reisekamerater, Carina og Karoline som skulle vidare til India og Thailand..

Flyet, som skulle gå halv ti på kvelden brukte evigheite! Boarding kl 20.50, men skjedde ikkje noko før kl 21.20, og deretter måtte vi på buss, for å stå enda eit kvarter i kø før vi faktisk fikk komme på flyet! Litt irritert? Me thinks YES! enda meir irriterande å bli fortalt vi ska lande halv ti, og neste morgen bli fortalt at vi landar kl 09.50, lokal tid ..

Men har no vertfall komt oss inn til Australia :) Og hostellet vi bur på er heilt ok, med eige svømmebasseng :P tihi..
fyrste dag blei brukt til å sitte på skulen, ete, tilbake til hostellet før vi møtte opp med jentegjengen, Anja, Malin, Nina, Line og Stine :) Måtte oppdatere oss litt på ståa (dei reiste til Fiji, og skulle reise Australia rundt dagen etter) Hadde det super koseleg på ein lite restaurant :D

Neste dag var det igjen skuletid, ei svært kort stund! med så mykje sol og ta igjen bar det nesten rett på stranda! :D gjett om eg kosa meg der!
Vatnet var lunka når eg skulle uti, og det va hæærli!!!! Men etter eit par timar kjende eg det var på tide å komme seg inn i skyggen igjen, og det bar tilbake til skulebenken..
Så fann vi ut, flinke datanerda som vi e, at Twilight (!) gjekk på kino enda, so eg og Lene kjøpte oss billettar til den seine visninga, så vi skulle rekke å handle inn middag, og ete den.. Gjett om de slo ut feil!

Vi kjøpte inn pizza, og tenkte nam! Kom tilbake til hostellet, og der var ikkje ovn til å steike den i... Prosjekt pizza-i-steikepanne gjekk nogenlunde.. Etter fyrste stykke fann Lene ut at, hei- ta ett lokk over! så siste stykket blei overraskande godt :P Og kinoen var Suuper!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar