tirsdag 27. november 2012

Busstur og disneyland

Frå Miyajima reiste vi kl 5.45 og klare for å ta toget til stasjonen for å hoppe på bussen..
Frå Hiroshima til Osaka i buss var ganske so behagelig, og det av vi stoppa ved Starbucks på vegen gjorde nok ting litt betre :P

I osaka hadde vi ganske so lang tid, nærmare 10 timar, so når vi kom dit va det to ting – vi kom oss til Willer Express sitt kontor der vi fekk sette igjen bagasjen.. Yey! Så var det ut på tur.. Gjekk tilbake til stasjonen og reiste til Himeji Castle.
Takk til snille folk på gata som viste oss i riktig retning, og følgte oss heilt til bygninga :)

Søt liten plass ca 1 time frå Osaka, brukte ei stund på å gå rund t, og var vel tilbake i Osaka rundt hal 7 :P




Deretter gjekk turen til Hard Rock Cafe :) Der åt vi kjempego mat! Brukte vel 45 min på å rote oss rundt i Osaka før vi fann det :P men men, vel verdt turen..
Kom tilbake til Willer i rundt halv 10, og deretter var det å vente på at bussen skulle gå.. Flaks for oss var der tysk julemarked rett utanfor, so fekk sett litt av de :D berre synd dei stengte nesten rett etter vi kom.. deretter var det å sitte inne, pakke litt om og sjekke nettet – før vi heiv oss på bussen (som denne gang var meir norsk enn dei andre og svært ubehagelig. Nedtur! Men, kom oss til Tokyo! :D
Dernest kom tog/subway turen til Kiba, og hotellet. Må seie at å ha med all bagasje på eit lite, stappfult undergrunn ikkje e noke særleg! Alt for mange folk som skulle inn på og dreiv å skubba og styr.. Får satse på buss i neste omgang, finne Airport Limousinen, og ta den i staden :P







Dag 1 i Tokyo blei nytta til å traske i området.. Fann Starbucks igjen, berre eit par 100 meter frå hotellet, samt andre restaurantar og cafear, og ikkje minst kjøpesenter..
Etter å ha gått rundt der fram til Check-in var vi glade for å kunne sette oss ned og slappe litt av :D Vi har tatt inn på Tokyo Kiba Hotel, der vi søv i små kapslar, og ikkje på vanlege rom! Veldig spesielt… Og ganske so interessant :P Her har dei også boblebad som eg har vert ganske flink til å bruke :P

Dag 2: DISNEYLAND!!!!!!!
Dag nr to kom, og alle måtte stå opp veeeldig tidleg! Syns eg … Frokost kl 9, og deretter skulle vi avgårde, men bestilte ikkje taxi før kvart på 10, so va greitt me tid til å vakne ordentleg.. Tok taxi til ein stasjon, der vi fekk hoppe på toget ut til Disneyland!
Akkurat når vi kom oss inn, starta der ein parade! Yey! Denne fekk vi altso me oss, deretter var det å vandre rundt heile Disneyland, og sjå utruleg mykje morosamt.. Prøvde også spøkelseshus, bilar og mykje anna morosamt :P Vel verd turen!
Hadde tenkt å få me oss fyrverkeriet, som gjekk seint på kveld – då hadde de vert en ide å ha me meir kle, men i staden gjekk vi der som fire frostpinnar, for fyrverkeri – DE skulle vi sjå!
Deretter blei det litt meir shopping, før vi tok subway heim..
Kom tilbake må eg seie at boblebadet lokka meg inn, og gud kor deiligt de va å bli varm igjen :P
Sånn bur vi, forresten:









lørdag 24. november 2012

Whoa! I can't believe we're in Japan!

Noken gang høyrt "Japan" av Lonely Island - de ha vertfall eg! genial sang :P og nesten akkurat sånn føle vi oss her vi sitte :P



Etter å ha tatt nattbuss til Kyoto, så prøvd å rote oss fram på busstasjonen, der infromasjonen sendte oss i heilt feil retning av der vi skulle, kom vi oss endeleg til hostellet, ca 7 på morgonen.. Der blei vi møt av dette synet:


Så var det eigentleg berre å legge seg i senga og få seg litt kvile :P og dei fleste våkna til igjen rundt kl halv 2, og så var det ut å sjå seg rundt :)






også måtte vi jo prøve ny og spennande mat:
bolle me vaniljefyll

























og fiskekake me potet



Dagen etter hadde vi alle skrivedag, for då skulle fyrste utkastet til hovudoppg. inn! :S men på kvelden fekk vi de kjekt :P møtte ei hyggeleg jente, som budde på rom me oss, på butikken og blei spurt om v sku vere me ut (ho sku møte noken) og de sa vi ja til! etter å ha gått ei runde i området fann vi ut at de va enklare å kjøpe drikke på butikken, for so å sitte utanfor hostellet vårt :P enkelt å greit :) etter ei stund satt vi no der ein fin gjeng, til vi blei jaga i parken :P etter ei stund så blei de so kaldt at vi flytta oss inn - og ikkje lenge etter var alle i seng :P

Dag nummer tres in Kyoto, og vi er alle klare for å reise ut i byn, skal sjå litt tempel :)
hoppar på bussen og reiser til kinaku-ji temple :)



Så skulle vi eigenteg til eit anna tempel, men når vi kom oss dit var det stengt, så vi valgte å gå, fyrst for å ete middag men så fann vi ut at det var ikkje den lengste strekninga tilbake til hostellet.. so vi gjekk heile vegen dit vi :)

Så kom siste dagen i kyoto, og vi var ferdig pakka kl 11, og fekk legge igjen bagasjen og stakk ut i smågatene ein siste gang.. Kom tilbake på hostellet, og skulle komme oss til busstasjonen, der vi skulle ta buss til Hiroshima. Folk meinte vi hadde så god tid, at vi kunne vente litt med å fare - de skulle vi ikkje ha gjort...
Kom på busstoppet, men ingen buss som skulle til Kyoto Station. Med kvarter igjen på klokka hoppa vi i to taxia, og satte avgårde.. I det vi svingar inn gata ser vi bussen vår reise :(
då blei det litt trakking fram og tilbake, sjå om vi fann anna buss evt om vi skulle ta å spandere på oss eit tog - og tog it is! :D blei fattig av de, men vel verd pengane.. tok oss 2,5 timar å nå hiroshima, og igjen 20 min derifrå til Backpacker Miyjajima, vårt hostel :) Ganske so fin beliggenheit, nær freja til Miyjajima og verdsarvlista O-toji gate..
Og med berre ein heil dag i Hiroshima var det også deilig å få vere utkvild til ein intens dag.. Klokka halv 9 var alle oppe, og nærmare halv 10 var vi komt oss ut døra og headed for the bakery - og dernest Hiroshima og Atomic Bomb Dome og Hiroshima Peace Memorial..




Deretter tusla vi oss vidare til enda eit temple, som eg ikkje er sikker på kva heiter.. men fint va de :P


Deretter var det og ta trikken tilbake til hostellet, og no skulle vi endeleg over til Miyjajima Island!! Tok max 10 min med ferja over, også var det picture time!



der va faktisk hjorta so gjekk å vandra i gatene! (Carina har fleire bilder, so desse kjem vel etter kvart :P)

Også har vi prøvd enda meir mat!



Den siste tingen e verd å google - for den består i hovudsak av japanesisk pannekake, fylt med basics; kål, svinekjøtt, nuddlar, steikt egg og bbq saus! og i tillegg kan du velge å fylle på me enda meir rare ting! I dag hadde eg "spicy minced beef" :) Smakte overraskande bra til å høyres å sjå så spesiell ut.. Takk til vennleg mann på hostellet for å sende oss dit!

No e eg ganske klar til å takke for meg, med den siste note at vi skal reise til tokyo i måra, via Osaka og Himeji Castle - og eg har greid å rote vekk adapteret som skal inn i kamera! Kudos til meg! Forhåpentelg vis ligg det allereie ferdigpakka i baggen.. viss ikkje kjem telefonen til å ha eit hardt liv desse siste vekene!

PS: 24.Nov hadde Blondie bursdag! GRatulere me dagen Søs!! :D :D

PPS: No, 25 nov. e de berre 18 daga til eg landar på Hovden! :D Forventa alle der me flagg og vaffel :D ;P





søndag 18. november 2012

欢迎到中国来 or Welcome to China

Så har vi komt oss til Kina, og chengdu! :)

Når vi kom ut av flyplassen brukte vi ein god time på å finne fram til hotellet vårt! For sjåføren vår skjønte ikkje adressa vi hadde skreve ned.. han snakka nemleg berre kinesisk.. So då måtte vi kjøyre tilbake, til ein mann som forklarte kor vi skulle hen. Viste seg at hadde han kjøyrt to gate lenger ned, og ikkje dreve å kjøyrt fram og tilbake den eine gata so han gjorde, så hadd vi nok vert der lenge før!

På kvelden var det ut å sjå seg litt rundt, prøve seg på kinesisk mat (som smakte ganske so ikkje godt, og varm saft) so bar det tilbake til hotellet og ordne med taxi til i morgon – for då ska vi på besøk til Pandaane!! :D :D husk varme kle dersom du noken gang ska til kina i november! Er ganske so kaldt her ass..

Chengdu Panda Base!
Vi sto opp frytkeltig tidleg, for vi hadde fått beskjed om at vi måtte vere der tidleg dersom vi skulle få me oss foring av panda, må sei at sjølv om vi va der tidleg så fekk vi ikkje sjå så mykje foring, berre masse slappe pandaa :P

Vi kom i halv 9 – 9 tida på morgonen, og var der vel til klokka nærma seg 14-15 :) var så mykje å sjå! Fekk sjå baby panda, og barnehage og masse vaksne :P må sei at dissa små søte nøsta e noke av de nusseligaste eg ha sett!
Lunsjen blei også inntatt i parken, før vi måtte gå og sjå bebisane ein siste gang før vi for :P so var vi innom muesum og butikkar! Må ha me souvenirar kan du skjønne :P







Klokka var 05.15, og eg var oppe! Skulle ikkje vert lov! Trøtt og sliten karra vi oss ned i resepsjonen, for det er tid for avreise- BeiJing here we come, lissm..

Etter ein diskusjon med taxisjåføren går dei med på at vi berre treng 1 taxi, so vi hive masse bagasje i bagasjerommet, og lene med sin sekk i framsete, før karoline og hinna koffert går inn i baksete :P må ha sett ganske so rart ut, ein bil fylt til randen av menneske og bagasje.. sånn går det når nordmenn e på tur :P

På flyplassen finn vi ut at vi havna på feil terminal, og då blir de ein oppfriskande gå-tur til den andre :P kjem oss på flyet, og trur søvnen tar oss alle saman ganske so raskt :P

Kjem oss ut av flyplassen i BeiJing, og leitar etter taxi, her var dei ikkje like hjelpsame, og vi må ta to taxiar, trur vi.. I den eine får dei ikkje ta bagasjen inn i taxien (dei har berre plass til ein koffert i bagasjerom) so då blir det til at vi må ta pirattaxi, når alle taxisjååførane går å henta han … kom oss vertfall rett til hotellet denne gangen :P

Deretter var det å finne ut kva vi skulle gjere, og planen blei: Temple of Heaven :) Fann ut at vi skulle hoppe på bussen, som kostar 1 yuan – ca 0.94 NOK.. Gjekk rundt der i ca 2,5 tima, før vi fann ut at vi skulle tilbake til hotellet, og ut og ete.. Var ganske mange plassar rundt her :) på kvelden fann vi ut at hotellet hadde services der ein kunne bestille turar, so då bestilte vi like gjerne tur tl the Great Wall i morga :D





Måtte opp tidleg, avreise kl 7.30, men to-tre timar i buss gjer masse tid å sove på :P Måtte også innom litt andre ting, som Jade marknad – der dei vise oss korleis ein lagde masse ting av jade, også kunne vi gå rundt å kjøpe de etterpå. Skakje sei de va veldig billeg men…
Etterpå for vi til muren, og spaserte på den i 1,5 tima, før vi fekk kinesisk lunsj, denne var mykje betre enn noko anna av maten vi har smakt her! Trur kinesara er litt for glad i kryddere sitt :P Etter lunsjen gjekk turen til Ming Tombs, der vi var inne i tempel og litt sånn, og fekk sett gravkammeret, nesten (det låg 30 meter under jorda) .. Så var det silke marknad, igjen 10 min med korleis ting var lagd, før dei byrja med salgs pitchinga si…

Til slutt gjekk turen innom noko tibetansk urtemedisin senter, der vi fekk massasje :D det va hææærleg! Fekk og besøk av ein doktor, som skulle finne ut kva som feila deg berre ved å ta på deg, Carina blei tilbudt ei pille til 600 som skulle fikse alle hinna problem, just saying..






Laurdag så skulle vi til The Forbidden City, som eignetleg består av masse bygninga som ser nesten heilt like ut.. Men ganske so kult å ha vert der likevel :P Bruke ganske så lang tid der inne også :) Fann eit søtt lite te-hus, der vi blei sittande å chille før vi gjekk vidare, og ut igjen :P Så var det å spasere i dei gatene rundt hotellet og sjå på butikkane :P ganske så mykje rart ein kan finne her..




Søndag var brukt inne på eit hotellrom saman med haudeverk... men fekk eindel gjort på den tida ang oppgåve.. og snilde Carina har ordna det slik at eg moglegens får snakke (sende e-post) til noken med betre kjennskap til samiske tradisjone enn meg :P YEY! håpa eg får dei svara eg treng :)

På kvelden måtte vi til å finne alternative måtar å komme oss til Kyoto på, sidan reilway pass må kjøpast utanfor Japan, og må faktisk sendast i post til deg.. Så husk det alle mann, ska du ta tog i Japan, kjøp lenge før du reise!

Deretter var det leggetid, etter ei kort skype-samtale med mamma via veldig dårleg nett.. Når alarmen då ringte kl 4.20 var det to trøtte tryne som stakk opp av dyna, men kom oss avgårde, og for øyeblikket sitte 4 jenter på ein flyplass i Tokyo og samtlege sjekkar facebook og bloggar! No er det berre å vente og sjå om vi kjem oss til Kyoto med bussen

So long blogg-lovers, peace out!