søndag 18. november 2012

欢迎到中国来 or Welcome to China

Så har vi komt oss til Kina, og chengdu! :)

Når vi kom ut av flyplassen brukte vi ein god time på å finne fram til hotellet vårt! For sjåføren vår skjønte ikkje adressa vi hadde skreve ned.. han snakka nemleg berre kinesisk.. So då måtte vi kjøyre tilbake, til ein mann som forklarte kor vi skulle hen. Viste seg at hadde han kjøyrt to gate lenger ned, og ikkje dreve å kjøyrt fram og tilbake den eine gata so han gjorde, så hadd vi nok vert der lenge før!

På kvelden var det ut å sjå seg litt rundt, prøve seg på kinesisk mat (som smakte ganske so ikkje godt, og varm saft) so bar det tilbake til hotellet og ordne med taxi til i morgon – for då ska vi på besøk til Pandaane!! :D :D husk varme kle dersom du noken gang ska til kina i november! Er ganske so kaldt her ass..

Chengdu Panda Base!
Vi sto opp frytkeltig tidleg, for vi hadde fått beskjed om at vi måtte vere der tidleg dersom vi skulle få me oss foring av panda, må sei at sjølv om vi va der tidleg så fekk vi ikkje sjå så mykje foring, berre masse slappe pandaa :P

Vi kom i halv 9 – 9 tida på morgonen, og var der vel til klokka nærma seg 14-15 :) var så mykje å sjå! Fekk sjå baby panda, og barnehage og masse vaksne :P må sei at dissa små søte nøsta e noke av de nusseligaste eg ha sett!
Lunsjen blei også inntatt i parken, før vi måtte gå og sjå bebisane ein siste gang før vi for :P so var vi innom muesum og butikkar! Må ha me souvenirar kan du skjønne :P







Klokka var 05.15, og eg var oppe! Skulle ikkje vert lov! Trøtt og sliten karra vi oss ned i resepsjonen, for det er tid for avreise- BeiJing here we come, lissm..

Etter ein diskusjon med taxisjåføren går dei med på at vi berre treng 1 taxi, so vi hive masse bagasje i bagasjerommet, og lene med sin sekk i framsete, før karoline og hinna koffert går inn i baksete :P må ha sett ganske so rart ut, ein bil fylt til randen av menneske og bagasje.. sånn går det når nordmenn e på tur :P

På flyplassen finn vi ut at vi havna på feil terminal, og då blir de ein oppfriskande gå-tur til den andre :P kjem oss på flyet, og trur søvnen tar oss alle saman ganske so raskt :P

Kjem oss ut av flyplassen i BeiJing, og leitar etter taxi, her var dei ikkje like hjelpsame, og vi må ta to taxiar, trur vi.. I den eine får dei ikkje ta bagasjen inn i taxien (dei har berre plass til ein koffert i bagasjerom) so då blir det til at vi må ta pirattaxi, når alle taxisjååførane går å henta han … kom oss vertfall rett til hotellet denne gangen :P

Deretter var det å finne ut kva vi skulle gjere, og planen blei: Temple of Heaven :) Fann ut at vi skulle hoppe på bussen, som kostar 1 yuan – ca 0.94 NOK.. Gjekk rundt der i ca 2,5 tima, før vi fann ut at vi skulle tilbake til hotellet, og ut og ete.. Var ganske mange plassar rundt her :) på kvelden fann vi ut at hotellet hadde services der ein kunne bestille turar, so då bestilte vi like gjerne tur tl the Great Wall i morga :D





Måtte opp tidleg, avreise kl 7.30, men to-tre timar i buss gjer masse tid å sove på :P Måtte også innom litt andre ting, som Jade marknad – der dei vise oss korleis ein lagde masse ting av jade, også kunne vi gå rundt å kjøpe de etterpå. Skakje sei de va veldig billeg men…
Etterpå for vi til muren, og spaserte på den i 1,5 tima, før vi fekk kinesisk lunsj, denne var mykje betre enn noko anna av maten vi har smakt her! Trur kinesara er litt for glad i kryddere sitt :P Etter lunsjen gjekk turen til Ming Tombs, der vi var inne i tempel og litt sånn, og fekk sett gravkammeret, nesten (det låg 30 meter under jorda) .. Så var det silke marknad, igjen 10 min med korleis ting var lagd, før dei byrja med salgs pitchinga si…

Til slutt gjekk turen innom noko tibetansk urtemedisin senter, der vi fekk massasje :D det va hææærleg! Fekk og besøk av ein doktor, som skulle finne ut kva som feila deg berre ved å ta på deg, Carina blei tilbudt ei pille til 600 som skulle fikse alle hinna problem, just saying..






Laurdag så skulle vi til The Forbidden City, som eignetleg består av masse bygninga som ser nesten heilt like ut.. Men ganske so kult å ha vert der likevel :P Bruke ganske så lang tid der inne også :) Fann eit søtt lite te-hus, der vi blei sittande å chille før vi gjekk vidare, og ut igjen :P Så var det å spasere i dei gatene rundt hotellet og sjå på butikkane :P ganske så mykje rart ein kan finne her..




Søndag var brukt inne på eit hotellrom saman med haudeverk... men fekk eindel gjort på den tida ang oppgåve.. og snilde Carina har ordna det slik at eg moglegens får snakke (sende e-post) til noken med betre kjennskap til samiske tradisjone enn meg :P YEY! håpa eg får dei svara eg treng :)

På kvelden måtte vi til å finne alternative måtar å komme oss til Kyoto på, sidan reilway pass må kjøpast utanfor Japan, og må faktisk sendast i post til deg.. Så husk det alle mann, ska du ta tog i Japan, kjøp lenge før du reise!

Deretter var det leggetid, etter ei kort skype-samtale med mamma via veldig dårleg nett.. Når alarmen då ringte kl 4.20 var det to trøtte tryne som stakk opp av dyna, men kom oss avgårde, og for øyeblikket sitte 4 jenter på ein flyplass i Tokyo og samtlege sjekkar facebook og bloggar! No er det berre å vente og sjå om vi kjem oss til Kyoto med bussen

So long blogg-lovers, peace out!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar