lørdag 10. november 2012

Ut på tur, aldri sur?

Kom til Hong Kong seint på kveld, og kom oss fint gjennom boarder control, so va de no berre de å finne fram til hotellet, som tok ei stund.
Kom oss til taxistasjone (gadd ikkje byrje me buss og så leite oss fram til hotellet), berre synd at sjåføren ikkje heilt kunne å lese engelsk, so han måtte til å spør dei som stod og fekk folk inn i taxiane - ikkje særleg betryggande med det fyrste :P han kunne like gjerne ha kjøyrt oss i heilt feil retning :P

Men kom oss trygt fram til hotellet, og blei vist opp i 4 etasje, der vi fann ut at vi ikkje hadde nøkkel, og der ikkje va noken i resepsjonen. Så då var det ned igjen, og prøve å forklare at vi ikkje kom oss inn..

Då viste de seg at vi måtte bort ein anna plass, til eit anna bygg - der dei prøvde å finne ut kor vi skulle, for Carina og Karoline hadde sjekka inn tidlagare, men nei - de va jo berre to som hadde sjekka inn den dagen...
Redninga blei "anyone Norwegian" - då fann dei faktisk ut at vi skulle vere i 2.etasje :P so blei de å gå bort igjen, hente Lene og bagasjen og komme seg inn på rommet! Som vi delte med ein amerikanar, to engelskmenn (?) og ein anna av ukjent opphav :P Senga va nok noke av de beste so ha skjedd etter de! Etter å ikkje sove noke på flyet var vi ganske så trøtte :P Men brukte litt tid på å bli kjend me folka her :)

Dagen etter var vi klare for rundtur i Hong Kong, og bestemte oss for å ta "Big Red Bus", so går rundt heile greia :)

So då blei de mykje info, litt tempel, tur til the Peak, også tur til Hard Rock Cafe :D dei har nam-nam mat!

på turen til the Peak møtte vi plutseleg på to av dei vi budde me, SUPRISE! ganske mosjomt å møte på dei i en by med so mange folk :P :D




Dag to blei brukt på Kowloon, eller mainland Hong Kong :P Med ein gong vi kom av ferja, gjett kven vi møtte på! Jo, dei vi bur med! skulle ikkje vere mogleg å møte dei to daga på rad i ein så stor by!

Der også skulle vi eigentleg hoppe på bussen, men istaden for vi to stopp, til Ladies Market, og vandra ned til Night Market, der vi skulle hoppe på ein anna buss igjen, ca. 19.30. På veg nedover markedet prøvde vi pom fries med ost, og Froyo - som begge va ganske so godt :P

Kom til busstoppet, og satt der og venta ganske so lenge, klokka 20 kom bussen endeleg, trudde vi. Han kjøyrte ganske fint forbi oss der vi stod og venta, flaks for oss so va der lyskryss rett ved, so vi sprang etter og hoppa på i lyskrysset vi :P
Føle de må ha sett ganske merkeleg, 4 jente springande nedover gata :P

Men fekk sjå litt lasershow (som visast kvar kveld) og så var det ferje heim :P
Så var de å skype me mamma og sånn :P
Måtte sei hade til våre nye venna i kveld, då dei skulle tilbake til Kina, der dei jobba som lærara, tidleg i dag.. Koselege kara :P
Einaste var at i tillegg hadde vi no blitt invadert av ei ny gruppe folk (8 senger i stova) og dei var oppe ganske so lenge, vakje mykje fred å få den natta...

Dagen i dag brukte eg og Lene til å shoppe, gå i butikkar og shoppe litt til! :D
ok, vakje so mykje eg har kjøpt :P ska nok få me meg alt vertfall :)
Var innom Forever 21, parfymebutikk og skobutikk samt masse anna :P
Sjekk prisen på øl her da! og for deksel til tlf!!

Kvelden blei tilbragt litt oppstasta for å gå ut å ete, når vi kom til restauranten blei vi vist spurt om vi skulle ut etterpå, for på den restauranten var vi nok litt overpynta :P 4 jenter i kjolar/skjørt :P

I kveld har vi igjen blitt invadert av nye folk, einaste eg fekk me meg e at han eine kjeme frå Papa Nye Guinea :P mulig her e ein frå Australia - eller so kom dei via Australia.. Ekje heilt sikker, Var ikkje så veldig pratesalige denne gjengen .. Men han eg snakka me var ganske jet-laged, so kan vere dei prata meir i morgon :P


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar