torsdag 11. juni 2009

Ha snakka litt med Ken igjen.. Om ganske mykje rart egentlig.. Han prøva å lære seg norsk og.. Drive å sende mailar på delvis norsk.. Men han avslørte at han brukte ei nettside til å skrive norsken.. :P

Ha endelig fått lasta opp bilda frå Bahamas, so her kjem to av dei:

Sandstrand på bahamas.. Ken og døttra Emily...

Sjå so fint.. Og der skal eg =)

onsdag 10. juni 2009

Drammen

For til Drammen på fredag, etter norsktentamen.. Var ferdig klokka 12, men mamma måtte bruke looong tid, so dei vakje her før 2..
Vi måtte kjøyre om Årdal, også var der omkjøyring ved Bagn.. So vi kom ikkje fram til Inger før klokka va halv 12.. Og skulle opp klokka 8...

På laurdag for vi til Drammen klokka halv 9, kom fram dit vi skulle og såg at vi ikkje trengte å vere der før halv 10.. Testen - SLEP - var eigentleg ganske enkel..

Var ferdig med den ca. halv 12.. So då hadde vi 1,5 tima til vi skulle på informasjonsmøte.. Gjekk på McDonalds, også på H&M.. Kjøpte ei t-skjorte til Ingrid, og ei til meg sjøl.. Var ikkje stort meir vi rakk før vi måtte tilbake..

På møte fekk vi masse nyttig informasjon om kva som skjer i USA.. Der var også ein gut som hadde vert i USA, og ei svensk jente.. Det dei sa var ganske nyttig å vete..
Explorius-folka sa at ein burde spørre om lov til å ta med PC og mobil.. Kan vere kjekt for dei å vete kva du tar med..

Fann og ut at viss du skal ut av landet må du sende inn visumet ditt til US ett-eller-anna, for å komme inn igjen i landet etterpå..

Var ferdige rondt klokka 5, og for til Tranby, grilla i regnver og såg Norge - Makedonia.. Begynte å kjøyre heim klokka 9.. Då kom vi heim halv 4.. So det var eit stykke..

Det som er igjen då er berre fylle ut nokre ark til Ambassaden, og ta ein tur til Oslo i sommar..

M.

mandag 1. juni 2009

So nærma vi oss helga med stormskritt :p
Skal til Drammen på informasjonsmøte.. Veit ikkje heilt kva der er å informere om men.. Einaste vi mangla no er nokon å bo med... Skal kanskje bo med tante og onkel på Jar, men det er ikkje sikkert... Å no har lillesystra mi sagt at ho SKAL bli med.. Teite ho.. Men det vil seie at vi kan ta Subarien, og at eg kan kjøyre delar av vegen til Drammen... Får vi håpe..

Ha snakka meir med Ken, og faktisk fått tilsendt lokalavisa, og nokre bilete frå Bahamas.. Såg fryktelig fint ut.. Rosa sandstrende.. Skal prøve å få scana inn bilde her..

Plassen eg skal bu på ligg ikkje so alt for langt frå Mall of America, dvs. Minneapolis og område rundt.. Og so har eg lyst til å sjå Mount Rushmore, som ligg i Sør-Dakota.. Håper berre dei vil ta meg med dit ein gong..

M.