onsdag 10. juni 2009

Drammen

For til Drammen på fredag, etter norsktentamen.. Var ferdig klokka 12, men mamma måtte bruke looong tid, so dei vakje her før 2..
Vi måtte kjøyre om Årdal, også var der omkjøyring ved Bagn.. So vi kom ikkje fram til Inger før klokka va halv 12.. Og skulle opp klokka 8...

På laurdag for vi til Drammen klokka halv 9, kom fram dit vi skulle og såg at vi ikkje trengte å vere der før halv 10.. Testen - SLEP - var eigentleg ganske enkel..

Var ferdig med den ca. halv 12.. So då hadde vi 1,5 tima til vi skulle på informasjonsmøte.. Gjekk på McDonalds, også på H&M.. Kjøpte ei t-skjorte til Ingrid, og ei til meg sjøl.. Var ikkje stort meir vi rakk før vi måtte tilbake..

På møte fekk vi masse nyttig informasjon om kva som skjer i USA.. Der var også ein gut som hadde vert i USA, og ei svensk jente.. Det dei sa var ganske nyttig å vete..
Explorius-folka sa at ein burde spørre om lov til å ta med PC og mobil.. Kan vere kjekt for dei å vete kva du tar med..

Fann og ut at viss du skal ut av landet må du sende inn visumet ditt til US ett-eller-anna, for å komme inn igjen i landet etterpå..

Var ferdige rondt klokka 5, og for til Tranby, grilla i regnver og såg Norge - Makedonia.. Begynte å kjøyre heim klokka 9.. Då kom vi heim halv 4.. So det var eit stykke..

Det som er igjen då er berre fylle ut nokre ark til Ambassaden, og ta ein tur til Oslo i sommar..

M.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar