fredag 17. juli 2009

USA here I come..

Har nettopp komt heim frå kino - var på Harry Potter i dag, også kom eg på at det kanskje ville vere en ide og skrive her korleis det gjekk i Oslo..

Vi kjøyrte nedover tirsdagen, og var der nede i sju-tida på kvelden.. Bodde med tanta mi, på Ullevål.. Hadde ikkje noke særleg å gjere på den kvelden, so ho tok oss med ein runde rundt delar av Ullevål sjukehus.. Såg faktisk statuer laga av Anders Svor, ein kunstnar frå Hornindal, der nede på området..

Daqen etter var det fult kjør med tur på byen.. Var en tur ned på Operaen og... Fekk nokre fine bilete av det.. Skal berre få lagt dei inn på dataen so kjem dei ;P
Men eg fekk ikkje lov å handle det eg ville, ikkje så rart når eg skal til amerika, og har restriksjonar på kva eg kan ta med på flyet.. Greide likevell og snike til meg to par nye sko..

Seinare den kvelden, etter vi var komt heim frå handlinga spelte vi litt kort, og sneik oss inn på nettet til naboane i oppgangen.. Enda seinare igjen tok eg, mamma og systrene mine oss ein tur med trikken.. Fyrst opp til rikshospitalet, men fann ut at det blei litt kort.. So vi for ned til stortorget, og gjekk opp gjennom Karl Johan, og nesten opp til Slottet...
Gjekk so bort til Nationaltheateret, og ikkje long derifrå ligge ambassaden.. Tenkte vi skulle prøve og finne det, men det gjorde vi ikkje.. Va vel heime igjen i hal 11 tida den kvelden..

Dagen etterpå var det opp klokka 8, skulle vere nede på ambassaden klokka hal 10.. Tok trikken nedover kvart på 9, og måtte faktisk gå gjennom heile slottsparken, og litt til.. Smart som eg var brukte jo eg nye skona mine til å gå i.. Det var vel ikkje det smartaste eg kunne gjort.. Fekk digre gnagsår bak på helen av det.. Men måtte berre gjennom det..

Men inn på ambassaden tok ikkje lang tid.. Måtte fyrst gjennom kontroll, ha med alle papir og pass.. So var det gå inn, levere frå seg papira til ein mann, også få ett nommer og vente til ein vart ropt opp.. So var det å avgi fingeravtrykk, og svare på nokre få spørsmål..

So var det ut, ta av seg skoa og finne dei andre.. For vi skulle nemmeleg opp til ei anna tante, jobba i NRK, og ete lunsj.. So vi sat på en terrasse på NRK-huset og åt lunsj... Var faktisk veldig god også..
Men vi kunne ikkje fare heim etter det, for eg skulle treffe noken frå Explorius, Nicole, før vi kunne fare.. So eg og Ann for ned i byen igjen klokka 3, og skulle møte ho ved ein kafe utanfor Nationaltheateret trudde vi.. Men slik var det ikkje.. Skulle vist møte ho inne på T-banestasjonen..
Men møte varte berre i 10 min, so då bestemte eg og Ann oss for å shoppe litt, når vi fyrst var åleine i Oslo sentrum.. Einaste problemet var at eg følte vi berre sprang frå ein butikk til ein anna, hadde nemmleg berre to timar på oss..
So var det oppigjen å ete, før vi satte oss i bilen og kjøyrte heim... Sov ganske mykje av turen, men veit at vi var heime her i to-tida på natta..

Travelt, men verdt det.. No skal eg få det tilsendt i posten en av dagane.. =) Gleda meg..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar