søndag 25. oktober 2009

frå Nord-dakota til no..

Begynde å bli litt longt mellom innlegga her føle eg.. men men, ska prøve å holde folk oppdatert på vartfall de viktigaste so skjer her omkring.. ¨

No går vi eit par veke bak i tid, og starta der forrige kapittel slutta av:

Fredagen kom, og me den kom Emily.. Vi for på fotballkamp te New York Mills, elns.. Trur faktisk dei tapte den kampen og.. Vi ha vist ett heilt ræva football lag i følge folk.. Ette på for vi sta å møtte litt folk, ut å leike i snøven ;P
Våkna klokka 9, og so for eg og Emily ”heim” te Ken og Rosanna.. Pakka og gjore meg klar te Nord-Dakota turen og Sioux-kamp.. Kom der so for vi på hotellet å chilla litt før vi for på kampen.. hadde me 2 av onkelungane te Ken..
Va faktisk ganske spennande, og sioux vann =)
Kom tebake på hotellet so for eg og Ken sta og bada.. :P

Søndagen kom, og vi pakka alle tinga i bilen åso for vi på Perkins (?) å åt frukost.. Va faktisk ganske so god og.. :P Køyrte heim, åso for Emily, so då va eg her aleine, dvs Ken og Rosanna e her..
Måndag hadde vi biologitur te Lake Signalness, og skulle måle vasskvaliteten på vatne… Vi måtte ut i kano å greier.. Va ganske so kaldt ette kvart, men vi fekk sitte inne i bussen å skrive =) Trur eg begynde å bli sjuk åg :/ litt låk i halsen..
I dag hadde dei ”code yellow” som betyr at dei låse ned heile skulen.. trur de va fordi narkotika honden va der.. Vi hakje kamp dinna veka, so de va trening i staden..
Onsdag for bio-klassen ut te Lake Adley, skulle samanlikne den sjøen me Signalness, og finne ut kaslags so va sunnast.. vi fann ut at Signalness ville vere beste innsjøen :P
Vi hadde trening me noken småonga i dag, vi skulle lære dei litt.. Eg og Jessica hadde ikkje noken, so eg va ”pre-school” :P komisk.. noko anna vi gjor den treninga va å teikne til ”Parents night”, som er på måndag..
Torsdag vakje de skule, men eg måtte stå opp tili likevel.. skulle ha tima me køyring.. vi skulle vere der klokka 9, so vi starta litt tili pga snøven.. Va ferdi klokka 12, ogso for eg og Rosanna te Brainerd og handla.. va på Walmart og Kohls.. vi kom heim i 6 – 7 tida.. Hadde handla masse bukse, litt gensara og ei varm og god jakke..
Måtte opp på DE i dag og, gleda meg til eg bli ferdi, og kan kjøre sjol.. Ska ta å cruise rundt i Parkers heile dagen :P Paulette henta meg, for Rosanna va på skulen, ogso skulle eg egentlig på trening klokka 3, men her va ingen so kunne kjoyre meg.. 
Laurdag, og siste DE for veka.. e faktisk 1\3 ferdi me de no.. so kan eg kjoyre.. 
Lagde kjøttkake te middag, syns ikkje dei va so gode som dei heime.. men de funka no.. faar sjå kva vi laga te mote i november..
Søndag sove eg te 11, so lagde eg meg graut te frukost.. Rosanna hadde jobb, so eg og Ken chilla heime.. For ut å kjørte bil og, for te Dale, ogso måtte vi ta en tur til Almora.. Seinare måtte vi handle, so for inn te Parkers.. Ken lagde middag, og eg laga brownies =)
Måndag måtte eg springe for å rekke bussen, kom alt for tili i forhold til det den ska gjere.. buss e kjedelig!! Hadde kamp mot Henning i dag, og Parents night… Ken og Rosanna va der =) Vi vann, og eg fekk spele.. Siste kampen e på torsdag, og etter de en gong begynde basket sesongen.. so var de heim å gjere ferdig matten…
Tysdag sleit eg me å komme meg opp av senga, hadde so lyst te å berre sove vidare når klokka ringte.. fann ut at vi hadde prove i Forensic onsdag, so etter trening gjekk de i matte og forensic..
Onsdag hadde vi forensic test.. trur faktisk de gjekk ganske greitt..
Torsdag blei brukt te å gjere ingenting på skulen.. eller gjor faktisk noke.. fekk forensic-timen til å gjere lekse, og fekk tebake prova.. hadde 52 av 55 =) I design gjore eg ferdi mi pre-historic advertisement.. blei faktisk ganske cool… blei igjen på skulen, og lagde plakat til Molly, til kampen i kvell.. Dei gjer de noken gonga.. Eg fekk en veldi fin en og =)
Vi spelte berre 2 sett, og begge laga vann 1 sett kvar.. ogso fekk ikkje vi lov te aa spele siste settet, fordi B skulle spele.. So de endte med uavgjort! I siste kampen.. Teite folk…
Vi blei igjen og såg Varsity spele, dei vann på tre sett, og spela no i sluttspele for section 6a.. viss eg ikkje huska heilt feil.. Fyrst kampen deira bli neste fredag, og eg vil sjå den kampen.. Heldigvis e den her, og ikkje vekke.. De e fordi beste lage helde kampen.. Satt at me Chelsea, Ashley og McKenzie.. De va kjekt..
Fredag hadde vi sub i matte, en mann so virka som om han ikkje skjønte kva han snakka om..
Vakje trening i dag, so eg veit egentli ikkje ka eg ska gjere på mens eg venta på basketsesongen.. kan kanskje bli igjen på skulen å trene styrke, men daa skulle eg gjerne hatt egen bil, so Rosanna sleppe å kjøyre fram og tilbake heile tida..
Laurdag va de fyrst D.E. også seinare surprise- bursdagsselskap for broren te Ken.. Vi for te Ottertail, og på en bar/restaurant der.. når vi måtte fare derifrå for vi til huset til Kirk.. Va der te ront 12, ogso rett heim og i seng..
Å i dag ha bokstavane mine klikka litt.. ’, ; og [ (æ, ø og å) ser sånn ut.. Sjoenna ikkje kva so ha skjedd me tastaturet mitt.. ogso ha alle symbola mine blitt flytta på.. Kunne skrive halvparten normalt, ogso klikka den fullstendig…
Ta de me ro, de funka igjen no..
Men vi skrivast snart..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar