tirsdag 29. desember 2009

Jul på Bahamas

Bahamas..
På skulen gjor vi ingenting dei to dagane vi hadde skule, og hadde cheerleading måndagen =) var faktisk ganske kjekt.. Fekk med noken av dei som er cheerledara for wrestling, sidan vi no berre har 4 basketball cheerleadare igjen.. soo dee..
Begynte å pakke måndagskvelden, men vart ikkje ferdig før vi nesten skulle fare :P
Vi for rundt 12, og kom fram til hotellet i Minneapolis.. kom oss inn på rommet, og slengte ifrå oss bagasjen, før eg og Rosanna tok ein tur til Mall of Amerika.. Kom meg til forever 21, der eg kjøpte ein topp =) også for vi på skobutikk, fekk eit flott par vintersko.. digga dei..

Og selfølgelig tok vi ein tur inn på utstillinga: Bodies – the Exibition.. Kosta 22 dollar og komme inn, og var ikkje verdt det.. Den består av døde folk, som vise fram forskjellege musklar og sånt.. Var egentlig ganske kult å sjå, men ikkje verdt 22 dollar.. So dee..
Kom tilbake til hotellet etter å ha ete middag, og skulle komme meg på nettet, de gjekk ikkje.. Kom meg ikkje inn på sida der ein skal godkjenne avtala med hotellet.. Og Ken ville ikkje gje meg adressa, han påsto de ikkje ville hjelpe.. Men eg veit de ville de, fordi de same skjedde i NY, og då fekk eg den med Anita =)
So då sat eg der utan internett.. :/ men stjal Ken si maskin og surfa på den ei stond før eg la meg..

Klokka ringte vel kvart over 4, so vi hadde 15 min til å komme oss til lobbyen, og ta bussen til flyplassen.. Kom dit, sjekka inn og slikt, og då va klokka 6 elns.. gjekk og fann gaten vi skulle bruke, også var det å kjøpe frukost.. Bagett og appelsinjuice.. namm… Starta boarding halv 7, vi gjekk vel inn kvart på.. So var det å sitte der og vente..
So skjedde det fatale.. Dei måtte jo av-ise flyet, og so gjekk dei tom for væske… So vi blei ventande der i litt over 1 time, og Ken var sikker på at no kom vi for seint til flyet frå Charlotte.. Eg sa eg trudde no dei venta, flypersonelle hadde no snakka med dei andre flya..

Landa i charlotte, og fekk vete at det var to fly som venta – og det eine gjekk til Nassau =) So vi sprong rett til gaten, og dei hadde nettopp ropt det opp for siste gong..
Brukte vel 2,5 tima til Nassau, og derifrå 15 min for å komme til ein plass, også 5 min i båt for å komme til Spanish Wells.. So etter ein long dag med reising var vi endeleg framme..

Fyrste vi gjorde når vi kom hit var å pakke ut, so skulle vi på fest.. Møtte masse folk, og husk ikkje halvparten av dei.. Også var Ken slem, og heiv meg ut i vatnet.. ikkje morosamt.. For heim og dusja jah..
Her kjøyre faktisk folk rundt i golfvogne, og vegane her er faktisk smalare enn dei heime.. men ikkje like dårlege..

Fredag: i dag blei våkna eg av at Ken og Shawn stod i døra mi med eit horn, og vekte meg med det.. teite folk.. Ette ei stond for vi bort til Rosanna si søster, Andrea, og opna julegåve.. øyredobba og to smykke og ein kopp med namnet mitt på =) deretter for eg, Rosanna, Natalie, og mora deira sta og åt..
So sightseeing, eller egentli so var det meir oss som skulle stad og finne ei sjøku som brukar og vere nede i vatnet her.. men vi såg den ikkje  Og til middag hadde vi fisk av eit eller anna slag..
Fest i kveld igjen.. Ikkje like monge folk som sist.. Var ilag med Dawn, som er Rosanna si niese..

Laurdag: Våkna, og åt frukost.. deretter hadde vi litt meir sightseeing, for det meste gjekk vi rundt og såg på kva eg skal kjøpe meg, og ta med heim.. Fann ut at eg kjem til å kjøpe opp halve butikken.. minst..
Var ut og fest igjen i dag, men var so lite folk at det var kjedeleg.. So når Rosanna for heim, for eg og.. då var vel klokka rundt halv 1..

Søndag: alle andre dagane har det vert passeleg med solskin, i dag av alle dagar ver det nesten ingenting.. so vi for ikkje på stranda i dag heller.. :/ eg har lyst på stranda nooo!
Våkna tidleg, fekk ikkje sove.. So Shawn lagde frukost.. Omelett med ost.. masse ost.. nesten kvalmande mykje..
Seinare for vi ut i båt, og eg var faktisk uti, holdt nesten på og drukne.. Trur eg svelgde halve havet mens eg var der.. I dag chilla eg heime, med ”dumb and Dumber” på TV.. endeleg fekk eg sjå heile greia.. faktisk ganskje morosam film det :P

Måndag: Gratulere me dagen, mamma!! Skulle gjerne hatt ein telefon, so skulle eg ringt deg. Men men, slik kan det gå dersom ein hive telefonen i vaskemaskina.. i dag hadde dei diverse leikar nede på brygga, so vi var nede der og såg på..
Også var det chilling heime i kveld igjen.. Ken og Shawn var på stranda og såg på Vikings tape.. Eg og Rosanna og Nicole låg heime på sofaen og såg.. haha..

I dag: blei eg vekt igjen, men no av Ken som kom inn og lurte på om eg skulle jogge på stranda i dag. Eg har ikkje peiling på kor stranda er, for ingen har vist meg den enda.. Men heile nordsida av øya skal vere sandstrand.. Skal stele med litt heim.. tihi..
So måtte eg vente her til Rosanna kom, og kunne vise meg kor stranda var.. tok ei stund det.. men kom oss ut, og fann faktisk litt fine skjell, får sjå om eg får dei med heim..
So heim, før vi for og handla.. Skal handle suvenirar i morgon ein gong..
Marte.

1 kommentar: