onsdag 7. april 2010

Stars and Stripes..

So har systa og broren endeleg vert her.. tenkte eg skulle skrive litt om kva vi gjorde på eg.. haha..

Måndagen før dei kom hadde vi fyrste track treninga, og siste for veka.. kjem vel til å vere longt etter når eg starta igjen men.. då får no våge seg..

Tirsdag for eg fyrst på skulen, so kom Rosanna og henta meg.. tok meg heim, også for eg og Ken til Minneapolis.. For vel i tre tida, og var der halvtime før dei landa - altså halv 6.. Dei brukte nesten 1,5 tima på å komme seg gjennom kontroll tingen.. So var det å kjøyre tilbake til Parkers.. hadde no litt stopp, f.eks. på Applebees.. der vi fekk Ann Th. til å ete svineribbe elns.. kom hit rondt 10, trur eg det var..

Onsdag måtte eg tidleg opp, skule eg vettu.. Og begge greidde å komme seg opp og bli med.. haha.. følgde meg rundt omkring, tihi.. følte meg som superstjerne vettu ;P
Hadde "framføring" om Norge, egentleg var det berre OB som spurte oss utvekslingsstudenta om landa våre, foran alle 8.klassingane.. soo jaa.. Ann Th og Andy fekk med seg korleis ein 1.klasse i amerika gjere det.. haha.. i følge søsta si gjere vist 1.klassingane meir enn det vi greier på High School.. Kan vere sant..

Torsdag pakka vi i bilen, og satte nasa mot Huron, SD.. Skulle stad og møte Lori, og familien der.. Var stad og åt, også viste Rita og Lori oss juvanile-fengselet.. og vi fekk bilde i ordentlege handjern :) komisk..
So tok Rita oss med på ein rundtur i Huron.. viste oss litt rundt der..

fredag so for vi vidare, kjøyrte om badlands, og fekk med litt natur.. kjøyrte inn til Wall, som er ei bygd, laga etter gamle western måta.. ha både bilde, og litt souvernira derifrå.. =)
So kom vi fram til Rapid City, og for ein rask tur gjennom Custers National Park- der vi fekk sett litt på Mt. Rushmore..
Når vi kom tilbake sjekka vi inn på hotellet, også for vi unge stad og bada i ein time elns..

Laurdagen blei brukt til sightseeing.. For fyrst til Mt. Rushmore, tok masse bilde, og fann masse ting og kjøpe.. Ann handla vel for 150 dollar, viss eg ikkje hugsa heilt feil.. Vi var vel der frå 10 til nesten 2.. Ken måtte nemmeleg sjå Fighting Sioux tape.. mohaha..
Etter det for vi stad og sjå Crazy Horse.. Som er eit privat betalt prosjekt under oppbygging.. Der dei skal lage ein indianar på ein hest i fjellet - på samme måte som dei gjorde med Mt. Rushmore.. Dei har vel holdt på i nesten 50 år no, og dei er fremdeles ikkje nær ferdig.. har vel fått ut delar av ansiktet..

Seinare for vi ut for å ete middag.. Der hadde dei Rocky Mountain Oysters på menyen.. Noke Ann Th særleg likte, heilt til Ken sa kva det eigentleg var.. Då måtte ho stoppe å ete for ei lita stond.. haha.. Og kva Rocky Mountain Oysters egentleg er?? Oksetestiklar.. Men ett par daga seinare sa ho faktisk at ho ville ha meir.. De var vel berre det sjokket om kva ein ete..
So var kvelden over, og vi skulle kjøyre til hotellet... Men då greidde selvsagt Ann Th. og Ken og kjøyre oss longt vekk frå der vi egentleg kjøyre.. kjøyrte vel i over en halv time vartfall..

Søndagen var det å stå opp i 7 tida, også ete, pakke og kjøyre heim.. tok vel 10 tima og kjøyre.. og då kjøyrte vi i ett strekk, med stopp for bensin, do og mat/drikke..
so var det heime, pakke ut - dvs mesteparten havna på golvet.. Mitt og Ann sitt rot!!
Mamma - kan du tenke deg korleis rommet såg ut?? Når du blanda mitt og Ann sitt rot.. haha...

Måndag hadde eg ikkje skule - so eg, Ann Th. og Andy for på handletur.. fyrst innom RNook.. som er Panthers butikken =) fann vel litt nye ting der jah.. So for vi til Alexandria, og var på Wal-Mart i ein og ein halv time elns.. So var det kino =) yey.. Såg "How to train your dragon".. ganske morosam film.. kom ut frå filmen rondt 6, også var det tilbake til Parkers, og Pot Luck klokka 7.. Stoppa på "the Little Dipper" før vi for..
Blei faktisk kåra Ms. Spirit - Basketball Cheerleading...

tirsdag, onsdag og torsdag var det skule, og trening.. ikkje særleg mykje meir so skjedde.. Onsdag for vel eg on Ann Th. til Alex igjen, og såg "Last Song".. faktisk veldig fin film..

Fredag hadde vi null skule igjen, so vi chilla det meste av dagen, pakka alle tinga også i 7-8-tida satte vi nasa mot Minneapolis og flyet til Norge..
Kom på hotellet i 11-tida, og so va de lalletid..

Laurdagen, og siste dagen til bro and sis blei brukt i dyrehagen.. Fyrst for vi og åt frukost på Dannys, også for vi til dyrehagen.. kom ein halvtime før dei opna - klokka var halv 10.. Vi for derifrå klokka halv 12, også var det rett til Mall of America.. Eg og systa gjekk ilag, mens Ken og Andreas var ilag.. Eg fann mykje fint,håpa dei fann det og.. Møttast ved utgongen kvart over 2.. Deretter for vi til flyplassen..
Sjekka inn bagaskjen, også satt vi på flyplassen frå ca. 15, og vi sat der til 16.. då gjekk dei gjennom sikkerheita, og dit kunne ikkje eg vere med.. So sa hade får dei fekk gå..
Også var det ein long kjøyretur tilbake til Parkers..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar