Den siste tida har gått med til skriving, skriving og meir skriving, og for å "feier" at vi ska levere den inn tirsdag (va ganske so ferdig å skrive) bestemte rom 24 seg for å reise på tur!
Turen blei lagt til Surfers Paradise, der vi skulle bruke dagen på stranda og kose oss, for so å ta buss til Byron Bay, Australias austlegaste punkt. Der skulle vi bu ei natt, og so ut å dykke dagen ette :D
Starten på helga blei lit ødelagt, når vi rige til Hostellet for å bekrefte bestillinga, og får beskjed om at vi har blitt booka inn på feil dag.. Meinte vi hadde sagt fredag og ikkje laurdag når vi snakka me dei... Mogleg å høyre so feil? Men fekk no rom likevel :P
Vi reiste en liten gjeng, rom 24 og Anne Berit :) tok tog frå Soutbank til Surfers Paradise, og gjekk rett på stranda :P
Var der ganske lenge, rundt 4 timar - før vi betstemte oss for å sjå kva butikka som var i område :P
Klokka 6 reiste rom 24 til busstasjonen, og Anne B. reiste heim :)
Etter 1,25 timar i buss, og skifte av delstat samt stilling av klokka var vi framme is Byron Bay! Der hoppa vi av bussen, og spaserte 200 meter til hostellet vårt :)
So var det innsjekk, der vi fann ut at dei berre hadde laken til dyne, for alle teppa var utleigde = kald natt!
Måtte no ut å sjekke staden, so vi fann fram til der vi skulle dykke søndag, før vi satte oss ned på kebabsjappa "Abrakebabra" Genialt navn!!
Deretter var det ganske tidleg kveld for oss!
Søndag var det opp halv 8, frukost, også legge seg i senga igjen.. tok 2 min å gå, og vi skulle vere der halv 9 :)
Dykkekurset som vi tok er kala Introductory dive, som betyr at ein dykka me instruktør :) måtte fylle ut litt skjema, sjå en video også skifta vi inn i wetsuit, før vi hoppa i bassenget :D
Måtte lære oss ulike "skills" i tillfelle noke skulle skje - som å myste den pustegreia, dersom en gjekk tomfor luft og måtte få me noken andre eller om en fikk vatn i maska og skulle ha ut de.. Heldigvis skjedde ingenting av de under turen :P
Klokka 10 var vi klare for avreise, og tok turen i båt ut til ein stor stein midt ute i vatnet - der skulle vi dykke! :D
Kom ut i vatnet, fekk eg litt problem, var ikkje heilt klar for å fare uner vatn når dei sa vi skulle - so tok 1 min ekstra berre for å roe pusten før vi for under!
Såg skilpadde, og plutseleg låg der en liten hai på en stein! mens eg prøvde å komme meg vekk frå den kom ho eine instruktøren bort, uten å sjå den - kom opp so sa ho at ho måtte le av de ansiktsuttrykket eg hadde hatt akkurat då - kan ha sett ganske komisk ut kan eg tenkte meg :P
Så hadde vi litt fritid, der vi gjekk og shoppa samt lunsj i parken, før Carina skulle sta og hanglide, og vi skulle vere med å sjå på! Det låg rett ved fyrtårnet, som vi hadde tenkt oss opp til, men han mannen som Carina hoppa me spurte så fint om vi kunne kjøyre bilen ned til stranda dei landa på, so då måtte vi nesten gjere de :P Fekk litt dårlegare tid då, for var ein fyr vi måtte følge etter - so blei desverre ingen tur til fyrtårnet :/
Så var det å hoppe på bussen til Surfers, ny buss til toget og tog tilbake til Southbank :D
Alt i alt var dette ein tipp topp tur, avslutta heime med McD mat :P Ingen som følte for å kokelere i dag nei :P
mandag 15. oktober 2012
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar