søndag 16. september 2012

At the Back O`Bourke

D5 12.9.12 – Mount Gundabooka National Park. Fekk pakka siste rest i dag, og heldigvis var soveposen tørr.. Blei ei stund å vente i dag, for vi for rett til skulen, også måtte vi vente på mikrofon, og ei jente so måtte en tur til legen.. Satte so avgårde mot Mount Gundabooka, med abouriginsk guide ved namn Melissa. Fekk sett emu, geit og kengurua.. OG vortesvin :P Her er nokre av histore Melissa fortalte.... 1. Slange som bankar på dører, for so å bite dei når dei opnar.. 2. Kenguru kan produsere 4 ulike typar morsmjølk på same tid. 3. Mor hadde lagt unge til å sove, og la seg so sjølv. Våkna og noko saug på brystet hennar, men ungen låg framleis der. Såg ned, og der var ein slange. Måtte berre vente til slange var ferdig og kraup vekk. 4. I Afrika legg dei ut skåler med brystmjølk slik at slangane skal passe ungane – dei voktar skåla mot andre som kjem, og dermed også ungen. Kom fram til rasteplassen, og gjekk derifrå og opp til nokre aboriginske tegningar – ganske stilige :P Fekk og litt historie om området  Når vi kom tilbake var det lunsj, og so enda meir tur i buss… Føltest som å kjøyre i ei evigheit, men kom fram til Redbank Camp – der vi har feltsenger ute på verandaen (med tak og myggnetting over/rundt). For å bada i Darling River også, kaldt men behagelig :P Veldig gjørmete og! So bli nok sokkevask når vi kje m «heim» - betre å vaske dei enn å vaske skoa :P Satt å prata og kosa oss, grilling til middag igjen :P Alt for mykje mygg ute til å vere der lenge, so etter kvart flytta vi oss inn :) satt å spelte kort til midnatt, då vart de for seint for dei fleste.. Fekk og sett frosk i do, grøn en! Va komt ein påveggen og utover kvelden :P Dag6 13.9.12 Våkan igjen tidleg i dag, rundt 6.. tenkte eg skulle ut å ta bilde av soloppgangen, gjekk fint heilt til eg skulle opne døra.. Den var låst.. So då blei de å ta bilde gjennom nettingen, blei no ganske bra fordeom:P So opp kl 8 og ete frukost – nista va laga i går :P so va de å pakke og få alt i bilen til 9 – de gjekk jo ikkje.. Kjøyrte inn til Bourke igjen, henta forsyningar også klare for sauefarm, Bundy Station. Va eigentleg ikkje noke nytt, saueklipp, merking etc. Einaste var at dei hadde eit skikkelig søt flaskelam so dei henta til oss :P var ikkje tilbake før 15 vertfall, so fekk vi ei runde i byn :P Sam hadde nokre ærenede rundt om  Kom heim og fekk satt på klesvasken før eg og Elin for på kengurujakt – med kamera sjølvsagt :P Såg ingen :(
Kom heim so hadde vi fått middagsgjester, Toby på 5 og mora.. «Can you tickle me» ver ein gjengangar den kvelden :P Fekk og låne iPad, og fekk sjekka facebook :D må jo oppdatere seg innimellom :P D7 14.9.12 Våkna før klokka i dag, not surprisingly. Ha stått opp so tidleg atte.. Måtte te å henge opp litt kle frå i går, so dei e klare til pakkings :P E nemleg siste kvelden vår her i kveld :/ Men før de var det fullpakka dag: starta med båttur, for so å skulle sjå på «Flying Doctors», dersom du treng sjukehusbehandling blir du frakta me fly.. Legen kunne ikkje komme, so fekk berre sett de frå avstand då, planen var eigentleg at vi skulle få inn i flyet…
So bar det ut til Springvale, der vi fekk bade i varmt kjeldevatn som lukta råtne egg … Åso meir grilling.. Prøvde og yappies – som e kreps, og såg korleis dei blei fanga.. Holdt faktisk ein levande en og! Kom tilbake til Bourke var eg og Elin sta og kjøpte gåve til dei vi bur hos – tenkte de kunne vere greitt gjort, i og med at vi ikkje tok med noke frå Norge.. Hadde eigentleg plan om å kjøpe norsk mjølkesjokolade på TaxFree, men fekk litt for dårleg tida til dee…. Kom «heim», og byrja pakke, pynte seg og so for vi på avsluttingsmiddag.. På veg innover såg vi ca 15 kengurua!!!! Middagen blei holdt på den lokale puben, og var skikkelig koseleg, fekk vist bilder frå alt vi har gjort  So blei en no sittande å prate me både norske og lokale folk  triveleg! Så var vi sta og henta Sam, trudde vi.. Dei var dobbelt booka denne kvelden, so ho hadde reist på den andre greia – men de drøya litt … Men dei det var hos hadde ein skikkeli søt liten kvalp, so de gjekk heilt greitt de altos :P
D8 15.9.12 «Leaving home» I dag fekk vi sove «lenge» , heilt til halv 8! Flinke meg var jo nesten ferdigpakka, so va berre å hive siste rest i kofferten and of we og! Ga dei gåve og kort til frokosten i dag  Dei syns de va veldig snilt gjort av oss :P So kjøyrte vi inn til Bourke, der vi va perfectly on time – men ingen andre … Kom no litt ette kvart då :P Mens vi sto ute fekk vi endeleg bilde av Matt og Sam ilag! Gløymde å få noken til å ta bilde av alle 4 :/ Litt trist de då, å ikkje få bilde av dei og «barna» … Når alle var komt på bussen, og vi var klare til avreise – oppdaga eg faktisk at vi mangla, vel – oppdaga 1, men mangla 2… Dei kom 40 min etter skjema, og så måtte vi kjøyre til supermarkedet for å ta ENDA ett klassebilde… Kjøyrte til Brewarrina, der vi såg på aboriginske fiskefeller,
va ganske stilig å sjå på eigentelg… Kjøyrte vidare og stoppa for lunsj i ein by eg ikkje veit namnet på.. Tok evig lenge før en fikk mat! Deretter var de straka vegen til Moree, og hotellet med artesian spa :D Her var gratis nett og, so mobilen var flittig i bruk! Fekk og sjekka litt nettbank and such  Etterpå gjekk vi ein tur til supermarkedet, der vi handla inn til frokost og lunsj – vertfall eg! So klar for å komme fram til Brisbane igjen, og berre få pakke ut – lei av å reise fram og tilbake heile tida! Etterpå for eg og Karoline i badet, skikkeli varmt og deiligt! Var der ganske lenge og! So var det inn og sjå Wolverine på TVn fram til leggetid :P D9 – 16.9.12 – Arrival Brisbane I dag er dagen! Vi ska endelig få komme oss på plass der vi ska bu dei neste par vekene! Ska bli deilig å bli på ein plass ei stund! Våkna halv 8, og fekk pakka i hop, samt ete litt:D heiv tinga i bussen, og var på veg mot Brisbane! Kjøyrte faktisk ganske radigt i dag, hadde ein del unødvenige stopp, dei tar so lang tid! For då skal ALLE ut, også må alle inn igjen, so må en vente på dei so bestemte seg for å gå lenger vekk – og ja, berre stress me de.. Stoppa ca 1 time frå Brisbane og åt lunsj der, før ein for vidare – eg hadde me meg frukt og nøtter, so eg åt de i staden for å kjøpe meg noko mat :D tenkte økonomisk her jah :P Kom fram til Brisbane(yay!) rundt 4, so var det å reise til Kangaroo Point, hive av litt folk og ting, reise til skulen og hente resten av koffertane – også tilbake til Kangaroo Point og flytte inn :D Her må en betale masse for internett, og planen var å dele den – men so vise de seg at det er berre ei maskin som kan vere pålogga om gangen, noko som kan vere litt stress når alle sitt og ska skrive oppgåve! So får sjå korleis det blir etter kvart, om en kanskje finn billigare andre plassar, evt kjøpe brikker… For og ut og fann supermarkedet, som var stengt – men her var 24h convenience store også, so fekk kjøpt med mjølk og brød, so vi har til frokost! Føler meg ikkje heilt klar for skule i måra, skulle gjerne hatt ein «kviledag» før alt starta igjen.. Kunne kjøyrt alt i går, og kvilt i dag syns no eg … Sånn går no dagan :P No, e de leggetid for småpiker som meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar