Fredag morgon møtte vi ved skulen, skulle ut til ei øy, Stradbroke Island! :D
Der skulle vi på stranda, grille, før vi skulle ha litt om abouriginsk kultur – didgeridoo, boomerang, dansar og song : )
Turen starta kl 8.30, og skulle ta ferje kl 10, kom fram til kaia ca halvtime før, so ein tok kaffipause der :P
Ferja over tok ca 40 min, og på veg over var noken so helige å få sjå delfina… eg var ikkje en av dei :(
So bar det rett til Cylinder Beach! Der fekk vi endeleg en sjanse til å hoppe i havet! Bokstavleg talt :P Det var også der vi fekk beskjed om at vi skulle ete, og plutseleg får vi beskjed om at alle må opp – vi må ein annan plass og ete lunsj :O
Kjøyrer tilbake, og tar så av mot ein plass som heiter Amity.. Kjem fram so skal vi vist ikkje grille heller – men på cafe :) Der får vi servert fisk, som var super god! Også for sjefen ut for å sjå om han kunne finne ein vill koala til oss :) De fann han og!
So kjøyrte vi ut på spissen av øya, nesten vertfall :P Der møtte vi ein mann, som eg ikkje hugsar namnet på… Men, verfall, han viste oss litt forskjellege ting som Abouriginarane bruka, skjørt og sånn.. Også spelte han på Didgeridoo for oss, og viste korleis den funka.. Lærte og at kvinner ikkje har lov å spele på dei :S
So fekk vi prøve oss på dansar :P Mens han song, følte meg ganske rar der vi stod og dansa rett ved veien :P
Deretter var det tid for å få måle våre eigne Boomerangar :P Følte min blei ganske fin eg :)
Etter kvart kom det faktisk ein storm innover, og det byrja regne :( Flaks for meg var eg ferdig måle, so eg fekk legge den i bilen :P Deretter var det å prøve å kaste desse tinga da, må sei at når eg kjem heim må eg legge meg i hardtrening for å få det til…. Fekk til på siste kastet, men då holdt eg den feil, so den fauk feil veg : (
Kom til Ferjekaia igjen, å då byrja de verkeleg å hølje ned, fekk og litt lyn og tore, men var over på 5 min trur eg – gjekk vertfall veldig raskt før det roa seg igjen!
So var det komme heim, og legge seg på sofaen! Hadde vert ein lang daag :P
Laurdag var det strålande sol, og eg skulle på stranda, Street Beach! Ligg 2 minutt frå skulen, so fekk og gå inn og sitte på data ettepå :P
Fann meg ein ledig flekk, og låg ute ei god stund – herlig
So var det tilbake på skulen, og sose vekk litt tid :) heldig for meg so var de morning heime, so fekk skype me Andy og pappa litt :)
Søndag var også stranddag – denne gang utan innblaning av data! Eg likar stranda!
Måndag hadde vi om miljøet i Australia, noko som passa meg fint – sidan det er det eg skal skrive om på den lille oppgåva :P
Og i dag hadde vi tidenes kjedligaste time, om vietnamesisk økonomi, skjønte ikkje halvparten av det han prøvde å seie… Stakkar, sitte der med ganske mange uintresserte folk :/
Men, fann ut kvifor eg ikkje får tilgang til student-epost her på Grifftih = eg har status som visiting Staff, ikkje som student… Det betyr også at eg ikkje får sjå mailane om når bøkene mine kjem til campus…. Får berre gå å leite i hyllene i staden eg :P
SO TIL DAGENS VIKTIGASTE NYHEIT : MITT KJÆRE SØSKENBARN HAR BURSDAG I DAG!!!
GRATULERE SO MASSE ME DAGEN LILLE LYKKETROLL!!! :D :D
mandag 24. september 2012
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar